Festspel
Jubileumshelg med tvisyn
200-årsdagen til Vinje vart feira førre helg på fødestaden til diktaren. Det skjedde med lått i det eine auga og gråt i hitt. Men det var òg augo som radt sovna.
Gudsteneste med song og lyrikk i vene Vinje kyrkje. Presten ynskjer alle velkomne.
Foto: Ronny Spaans
Fredag førre veke var det to hundre år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Feiringa gjekk føre seg på ulike stader i kongeriket. Det var fest på Hadeland, på Granavollen der Vinje døydde. Dag og Tid tok vegen til fødestaden til Noregs store skald og fyrste journalist: Vinje i Telemark.
I Vinje var det jubileumshelg med konsertar med Det Norske Kammerorkesteret, seminar om diktaren og journalisten Vinje og poetisk gudsteneste i den fagre Vinje-kyrkja. Arrangør var kommunar i fylket saman med det nye Vinjesenteret, som ligg under Nynorsk kultursentrum.
Arrangementa baud både på høgtid og ettertanke, og på ordskifte om dagsaktuelle tema, som «falske nyhende» i journalistikken. Dei baud på hugtakande, sårande kvede og overraskande humorinnslag. Ja, det var mang ein publikummar som kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre», for å herme jubilanten – jamvel om det vart litt vel mykje repetisjon under jubileumshelga. Eg talde seks framføringar av «Tyteberet», endåtil det å gråte og le med augo samstundes vart nemnt fleirfaldige gonger.
Flest gamle folk
Men det var ikkje berre leande og gråtande augo å sjå. Mangt eit auga blunda godt til svevndyssande føredrag eller hugtakande felespel. Ja, det blunda så godt at kallen sovna radt, men han sovna ikkje heilt inn, han kvakk til når applausen kom. For som vanleg var gjennomsnittsalderen ved slike tilstellingar høg. Også mellom bidragsytarane var gjennomsnittsalderen høg, bortsett frå musikarane, der vart unge talent lyfte fram. Litt underleg når det var skrivekunsten som stod i sentrum.
Festdeltakarane gjekk nøgde heim på sundag. Men samstundes fekk arrangementet meg til å fundere på framtida til det nyoppretta Vinjesenteret. «Vinjesenteret skal dekkje dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål», heiter det. Det finst alt mange senter for journalistikk og mediekultur i landet: i Volda, Førde og Fredrikstad. Ville det ikkje vera naturleg med eit historisk senter for journalistikk og mediekultur i hovudstaden, nært Akersgata – i tråd med omgrepet samlokalisering, for å bruke eit uttværa ord på ein positiv måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.