Jordnær realisme
All ære til Anders Bjørgård Prytz for denne romanen.
Handlinga i Anders Bjørgård Prytz’ første roman er henta frå bygg- og anleggsbransjen.
Foto: Agnete Brun
Roman
Anders Bjørgård Prytz:
En mann til i morra
Aschehoug
Skjønnlitterær debutalder her til lands har i gjennomsnitt vore mellom 30 og 35 år i mange tiår; svært få debutantar er under 20, svært få er over 50. Når Anders Bjørgård Prytz debuterer i ein alder av 60, skil han seg ut, ikkje berre i alder, men også som ein nærverande debutant med ein god porsjon livsrøynsle i bagasjen.
Som yrkesaktiv har han jobba med bemanning og rekruttering, og det er denne bakgrunnen han drar nytte av når han skildrar livet som ufaglært i bygg- og anleggsbransjen.
Arbeid og lengsel
Hovudpersonen Finn er 20 år. Han har ein draum om å bli faglært tømrar, men svake karakterar frå vidaregåande og stryk på sveineprøven gjer at han for tida lever av strøjobbar gjennom eit vikarbyrå, ufaglært og uorganisert på alle vis, slik også kompisen Skjegget er det.
Jobbane er enkelt, men tungt kroppsarbeid, som grøftegraving, reinsing av teglstein, stripping av hus og kontorbygg, sortering og lemping av avfall, litt snekring og rydding.
«Det som løftar teksten, er det realistiske språket, farga av austnorske dialektar, nedpå og jordnært.»
Skjegget er 30, dyslektikar med alkoholproblem, stadig for seint på plass, men på lønningsdagen er han i sitt ess og drikk opp eller spelar bort det meste på éi helg. Saman med desse to møter vi også andre innleigde: austeuropearar, ein ire, ein finne, folk som lever eit slags rallarliv i byggebransjen, plassert på tronge hyblar og med eit kosthald til skrekk og åtvaring.
Handlinga er lagd til Oslo, men i tilbakeblikk får vi større innsikt i Finns bakgrunn. Da han var ti år, kjøpte faren eit forfalle småbruk langt ute på bygda ein stad, ved ei brei elv. Mora mistrivst og tyr til alkohol ho kjøper av trailersjåførar som passerer, og til slutt pakkar ho saman og forsvinn ut av livet til Finn.
Sjølv blir han nevenyttig og praktisk ved å hjelpe faren, og det er denne eigenskapen han tar med seg inn i yrkeslivet. Innimellom lengtar han heim frå hybelen i Oslo, og denne heimlengten har form av draumar der han fiskar i elva eller ror ein båt, men etter at faren finn ei ny dame, blir det ikkje så liketil å besøke han.
Tjuveri og fyll
Sjølve handlinga i En mann til i morra er ganske som forventa med bemanning og rekruttering som utgangspunkt, men det som løftar teksten, er det realistiske språket, farga av austnorske dialektar, nedpå og jordnært, folkeleg, kontant og direkte, detaljert og presist.
Slik ser det ut i eit saneringsklart husvære: «Badet, toalett utan lokk, vask med et rundt speil limt på veggen over, dusj med gulkvitt plastforheng, det er brunt nedst, synlig røropplegg til toalett, vask og dusj.»
Romanen er tvers igjennom truverdig, også tjuveri av koppar frå arbeidsplassane, ein slags bonus i bransjen, og to solide fyllekuler inn i det minnelause er også truverdige. Men det hadde vel greidd seg med éi, for den eine blir den andre lik, og dagen etterpå er alltid like vond. Og kor blei det av mora til Finn?
Uansett, Anders Bjørgård Prytz har skrive ein roman tett på det han har sett og folk han har møtt i det verkelege livet, og eg ser gjerne for meg ein oppfølgjar i tradisjonen etter den gode arbeidarlitteraturen.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.