Jernbane med mykje attåtMe kjem nær dei som levde og arbeidde med jernbane og malm i Ofoten og Norrbotten.
Me kjem nær dei som levde og arbeidde med jernbane og malm i Ofoten og Norrbotten.
Alt i føreordet får me vita at dette ikkje er ei bok for einspora jernbaneentusiastar. Her er det ikkje lokomotiv og hestekrefter, men samfunnet jernbanen skapte, og menneska som levde og arbeidde i dette samfunnet, me får høyra om.
Kring Kiruna og Gællivare i Norrbotten låg der ovende rike malmårer og venta på å verta utnytta og selde på eksportmarknaden. Det som vanta, var jernbanar til dei næraste hamnene. Narvik i vest baud på isfri heilårshamn, Luleå i aust låg lagleg til, men var ufør vintersdag. Og bane vart det. I 1902 vart heile strekkja Narvik–Luleå opna.
Grytås er innom det meste: Oppbygginga av malmbyane Narvik og Kiruna, fyrste verdskrigen, mellomkrigstida, vinterkrigen og kommunistredsla, krigen og svensk samarbeid med Hitler, etterkrigstida med vokster, storstreiken i 1969–70, nedgangstid og nye næringar, privatiseringa av Ofotbanen og Malmbanan – sjølve gullgruva til NSB og SJ – og til slutt framtidsvyane.
Me kjem nær dei som levde og arbeidde her. Dette er ein klår styrke ved boka. Eg skal gje nokre smakebitar.
Hjalmar Lundbohm, fyrste bolagssjefen oppe i nord, ynskte «å byggja verdsens beste samfunn» i Kiruna. Bolaget gav støtte til å reisa Folkets hus. Men noko så vederstyggeleg som kollektiv tariffavtale lika Lundbohm ille. Styret i Stockholm tykte Lundbohm var altfor spandabel andsynes lokalsamfunnet.
Gode tider
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.