Musikk

Jazz slik det skal spelast

6. juni 2009 var reine D-dagen på Dokkhuset.

I trioen Vigleik Storaas speler – i tillegg til Storaas – Palle Danielsson og Jack DeJohnette.
Publisert Sist oppdatert

God musikk går ikkje ut på dato. Det som blir spelt på denne plata, blei framført på Dokkhuset Scene som ein del av Trondheim jazzfestival 6. juni 2009. Vigleik Storaas og arrangørane hadde vel ei aning om at store ting kunne vera i emning, for sjølvaste Jan Erik Kongshaug var kalla inn med opptaksutstyr. Samlar du ein av Noregs fremste pianistar og dei to internasjonale stordomane Palle Danielsson og Jack DeJohnette, er oddsen låg for at her kan det skje store ting.

Trioen valde ut eit strålande repertoar på sju låtar der berre «Alice in Wonderland» har status som standardlåt. Joe Hendersons «Isotope», Kenny Wheelers «Everybody’s Song But My Own» og dei to Steve Swallow-låtane «Eiderdown» og «Falling Grace» saman med eit originalbidrag frå Danielsson «Palle’s Headache» og Storaas’ kjende vals «Lines» er i sum ikkje berre seks låtar med eviggrønt potensial; dei gjev trioen ei mengd ulike innfallsvinklar i improvisasjon og samspel.

Trioen opnar med «Alice in Wonderland», der Storaas og Danielsson kviltar saman eit musikalsk lappeteppe før Danielsson tek over med eit pregnant kor. Han leverer stafettpinnen vidare til Storaas, som gjer sitt på velkjent lyrisk vis, medan DeJohnette understøttar med diskret vispekomp.

Meir framme i skoa er trioen i «Isotope», der alle får sagt sitt, men DeJohnette får siste ordet i eit karakteristisk kor der blendande teknikk og klartenkte idear går opp i ei høgare eining.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement