Musikk

Jarrett i frisert utgåve

Wien-plata er strammare enn dei tre andre frå juli 2016.

Keith Jarrett er ute med konsertplate nummer fire frå ein turné i 2016.
Publisert Sist oppdatert

Nok ei plate frå den vidgjetne solopianoturneen til Keith Jarrett i juli 2016 ligg føre. Frå før har me kunna lytta til konsertane frå Budapest, Bordeaux og München. Denne, frå Musikverein i Wien, vart spelt inn 9. juli og har fått tittelen New Vienna fordi Jarrett gav ut Vienna Concert på ECM i 1992.

No manglar berre konserten frå Roma, om ein ikkje tek med dei tre solokonsertane han spelte i USA tidlegare i 2016.

Eg har nytta høvet å lytta gjennom dei fire platene, som er spelte inn i løpet av 14 dagar, og sjølv om Jarrett har ein mal eller rammer, så har han eit så fritt tilhøve til malen eller rammene at kvar innspeling står fram med eit eige særpreg.

Noko av det mest illustrerande er den korte bluesvampen som er med på alle innspelingane. I Bordeaux er denne låten – som konserten elles – prega av ei melankolsk og ettertenksam stemning. I Wien er dette ein veltrimma og rytmisk utfordrande utgåve av same enkle blueslåt.

Konserten i Wien er i det heile strammare; han kjem raskare til poenget. Han nøler ikkje med å setja punktum (jamfør den nemnde blueslåten).

Det kan vel vera at noko av stoffet frå konserten er redigert vekk. På Budapest-plata og München-plata består programmet av tolv delar pluss nokre standardlåtar. Bordeaux-plata har 13 delar, men ikkje standardlåtar. Frå Wien får me servert ni delar pluss «Somewhere Over the Rainbow». New Vienna har ei samla speletid på 66 minutt – heile 21 minutt mindre enn på Budapest-konserten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement