Jag rear ut min !Gabriela og sjarmerande amatørar skildrar svensk samtid med kjekk, kvass og varm satire.

Gabriela Pichler og sjarmerande amatørar skildrar svensk samtid med kjekk, kvass og varm satire.

Veninnene Aida (Aldoujaili) og Dana (Aliadotter) vert spelte av amatørskodespelarar.
Veninnene Aida (Aldoujaili) og Dana (Aliadotter) vert spelte av amatørskodespelarar.
Publisert

Musse (Dahl) arbeider i den fiktive kommunen Lafors i Västra Götaland, som ein gong var eit livleg lite samfunn med skinn- og tekstilindustri. No har dei fleste industrijobbane blitt skipa ut til land med låg løn. Difor er entusiasmen stor når den tyske lågpriskjeda Superbilly vurderer å starte opp i Lafors og sikre hundrevis av arbeidsplassar. Fram mot ei vitjing frå Tyskland vil kommunen laga ein film som sel staden som idyll. Venninnene Aida (Aldoujaili) og Dana (Aliadotter) gyv laus på sin eigen geriljaversjon væpna med moped og mobilkamera.

Folk flest

Gabriela Pichler debuterte med bravur med Spise sove dø og har ikkje mista det skarpe blikket og den kompromisslause stilen. Ho brukar amatørar i Amatører som sist. Byråkraten Fredrik Dahl spelar byråkraten Musse. Elles er rollelista fylt av folk flest. Det fungerer flott. I tillegg til å skape realistiske rammer og vere ein presis kommentar til samtida er filmen rik på perspektiv om historieforteljing og filmform. Kven skal skildre livet i Lafors? Ein snobb frå Stockholm? Og skal ein tilpasse forteljinga til det ein trur er tyske forventingar?

Regissøren har skrive manus i lag med den suksessrike forfattaren Jonas Hassen Khemiri. Det er fullt av smarte detaljar med nydelege nyansar. At det meste er filma med mobiltelefonar, gjer ikkje filmen til ei visuell nyting, men estetikken er effektiv.

Store kjensler

Geriljastilen blir stundom broten av stemningsskapande musikk som løftar fram kjensler. Det er lett å kjenne kjærleik til dei tre sentrale figurane. Dei verkar ekte, og dei utfyller kvarandre. Alle tre har humor, sjarm og kvar sine kvalar. Når det personlege som vanleg blir politisk og omvendt, aukar dramaet. Eg grein.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement