Musikk
Ja visst er det no
Automatic har mest lyst til å spele den nye plata si over telefonen.
Pressefoto
Ifølgje biografien på Spotify(!) lagar Automatic avvikande popmusikk. Om ein med popmusikk meiner det som nett no er mest populært, har dei heilt rett i det. Dette har ikkje noko med enkle hitlister å gjere. L.A.-trioen set synth, bass og trommer saman til rampete rytmar som kan minne om mykje frå ei tidlegare tid.
Om gruppa har eit reelt avvik, er det evna til å stele frå dei rette stadene og kombinere tjuvgodset til noko nytt, ganske anna og eige. «Black Box» kunne sett både Billy Idol og tidleg Kraftwerk som foreldre på fødselsattesten. Trommene på «Country Song» er samstundes trekte direkte ut av Joy Division-klassikaren «Atrocity Exhibition», heilt fascinerande skamlaust og gøy. Resten av låta har det kunstnariske ekkoet frå synthpoppioneren Gary Numan over heile seg. For dei som er opptekne av slikt. Heldigvis treng ein ikkje ha eit forhold til nokon av desse referansane for å finne glede i denne dunkle popprestasjonen av eit album.
Is it now? er både haustmørk, underfundig og gledeleg dansbar. Lett ironisk, til tider alvorleg latterleg. På sitt beste, og det er ganske ofte, leverer desse tre ei herleg dansbar og eksistensiell uro, musikk som både kan fylle eit klubbgolv og ei sein kveldslytting med hovudtelefonar. Det er kanskje ikkje så rart at albumet opnar med den flotte linja som er vanskeleg å omsetje godt nok: «Run baby run, oh the damage has been done.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.