JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Islam treng ein fridomskamp
på innsida av minoritetsmiljøa

Om me skal skapa religiøst mangfald i eit samfunn, treng me tre grunnleggjande verdiar: sekularitet, ytringsfridom og dialog, skriv Sylo Taraku i Frihetskampen i islam.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sylo Taraku har muslimsk bakgrunn frå Kosovo. Han har i fleire år vore ein del av det sekulære muslimske miljøet i Noreg.

Foto: Joseph Pessar

5664
20191011
5664
20191011

Sakprosa

Sylo Taraku:

Frihetskampen i islam

RES PUBLICA FORLAG

Sylo Tarakus siste bok om fridomskampen i islam er eit politisk forsvarsskrift for den liberale, vestlege demokratitradisjonen. Han meiner at islam må kunne sameinast med den gjennom ei reformrørsle utgått frå ideane om sekularitet, ytringsfridom og dialog. Taraku startar med å sjå attende på eigne røynsler frå ein sekulær muslimsk bakgrunn i Kosovo i 1990-åra og korleis han for fyrste gong i livet tek til å grubla over dei religiøse sidene av islam etter å ha kome til Noreg og vorte plassert tett på religiøse muslimar i asylmottaket. Til tider undrar han på om han er i ferd med å verta ein truande muslim, men han endar med å kalla seg kulturmuslim. Det får konsekvensar for korleis eg les historia hans.

Liberale og illiberale

Argumenta Taraku nyttar, er i opninga av boka sterkt personlege og sjølvsagt vanskelege å etterprøva. Men eg vart overraska over kor liberal islam kan vera om ein lever slik han gjorde i det opphavlege heimlandet sitt, og kor illiberal den same kulturen kan vera når han tek form av religiøs tru. Særleg om religionen vert knytt til politiske interesser og gjev seg uttrykk i politisk islam, slik det ligg til rette for i måten denne religionen vart utvikla på heilt frå byrjinga av: «I det tidlige islam utgjorde det muslimske fellesskapet ikke bare et religiøst fellesskap, men også et politisk fellesskap», skriv Taraku på side 256.

Dei liberale trekka kjem òg fram i tankane Taraku gjer seg når han i fyrste del av boka mellom anna ruslar omkring i Jerusalem og grundar over at islam, jødedomen og kristendomen har eit sams opphav, utan å seia noko særleg om kvifor me i dag tenkjer mest på skilnadene mellom dei tre monoteistiske religionane og den sivilisasjonskonflikten nokre politikarar freistar å skapa mellom dei. Om boka ikkje gjer Taraku rik, kvalifiserer kapittelet «En stolt sivilisasjon blir født» definitivt forfattaren til å verta guide for dagens fotefarturistar.

Gatelangs

Taraku skriv godt og levande i eit enkelt språk. Historia er god nok i seg sjølv, og med jamne mellomrom kjem han òg med kommentarar som: «Islam er sterkt påvirket av jødedommen og kristendommen. Ettersom islam er en yngre religion, er det likevel logisk at den anser jøder og kristne som villedede. Ellers hadde det jo ikke gitt mening å introdusere en ny religion» (s. 42–43). So lett kan det seiast, det som er så vanskeleg å fatta om ein ikkje sjølv er ein truande.

Frå eit fredeleg Jerusalem går turen vidare til fleire av dei fremste stadene og landemerka for dagens muslimar gjennom ei imponerande historisk vandring prega av djup kunnskap og forståing for kva islam har hatt å seia for vår verdslege vestlege kultur, men òg kvifor delar av denne stolte kulturarven har vorte antivestleg og til tider valdeleg. Me går ikkje berre gatelangs i Jerusalem, Istanbul og Kairo, men òg i islamsk idéhistorie og kultur.

Godt forteljargrep

Denne vandringa mellom notid og fortid er eit godt forteljargrep. Me lærer mykje om dei problematiske sidene av islam, og særleg politisk islam, men mest av alt vil Taraku ha oss til å forstå at islam er ein rik sivilisasjon, og at den islamske arven ikkje berre er reaksjonær og bakstreversk. Islam har òg lange tradisjonar for toleranse og fredeleg sameksistens med ikkje-muslimar. Ikkje minst på Balkan, der Taraku kjem ifrå, og der osmanar etterlét seg ein tolerant muslimsk tradisjon som vart utvikla vidare under ein sekulariseringsprosess i 1900-åra.

På Balkan er islam korkje politisk orientert eller ein altoverskyggande del av identiteten. Difor har muslimar som har innvandra til Europa, mykje å lære av dei frå Balkan, skriv Taraku når han etter kvart vert meir og meir politisk i argumenta sine. Når me kjenner til alle dei konfliktane oppløysinga av Jugoslavia førte til på Balkan, verkar eit slikt argument kanskje noko naivt, men måten han stadig vender attende til eigne røynsler på, gjer argumentet truverdig. Dei historisk-empiriske døma fungerer godt som grunnlag for Tarakus politiske engasjement.

Kritikk av eigen ståstad

Frihetskampen i islam handlar mykje om progressive muslimar som – uavhengig av kor personleg sekulære dei måtte vera – aktivt arbeider for å fremja toleranse og menneskerettar. Slikt noko treng me verkeleg om me skal skapa eit mangfaldig sekulært samfunn med ytringsfridom og dialog mellom ulike religionar og kulturar. Men nokre av historiene og argumenta dei byggjer opp under, kunne kanskje vore stramma litt opp og redigert litt ned frå forlaget si side.

Sjølv om eg fann dei historiske og idéhistoriske delane av boka mest interessante, tek Taraku oss òg med inn i ein særs viktig politisk debatt i siste kapittel, når han dreg til Furuset med to kollegaer frå Arbeidarpartiet: Jan Bøhler og tidlegare SV-politikar Andreas C. Halse. Dei stiller seg opp midt mellom tre moskear og diskuterer den norske venstresidas «unnfallenhet i møte med problematiske praksiser som legitimeres med islam» (s. 303).

Konklusjonen er klar for kulturmuslimen Sylo Taraku: Skal me koma nokon veg med å reformera islam i Noreg, må politikarane på venstresida solidarisera seg med dei sekulære som kjempar ein fridomskamp på innsida av minoritetsmiljøa.

Jan Erik Grindheim

Jan Erik Grindheim arbeider i tankesmia Civita og ved Handelshøgskulen, Universitetet i
Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei historisk-
empiriske døma fungerer godt som grunnlag for Tarakus politiske
engasjement.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis