Film
Irriterande irsk skrekk
Denne grøssaren kler ikkje overforklaring eller å redusere Irland til ein kulisse.
Adam Scott i rolla som forfattaren Ohm Baumann.
Foto: Another World Entertainment
Forfattaren Ohm (Scott) frå USA reiser til Vest-Irland for å spreie oska til foreldra og skrive ferdig ein populær trilogi. Folk på hotellet er rare, sjølv om resepsjonisten Mal (Coonan) freistar verke triveleg. Eksentriske Jerry (Wilmot) held heller til i skogen.
Ohm er ein arrogant surpomp som avviser alle, men det verkar som han vaknar då bartenderen Fiona (Ordesh) hevdar det spøkjer i den stengde bryllaupssuiten.
Produksjonsprat
Det har vore laga mykje bra skrekkfilm i USA dei seinaste åra. Det kjem òg gode grøssarar frå andre engelskdominerte land, som den friske irske Fréwaka – Dype røtter av Aislinn Clarke i fjor. No har iren Damian McCarthy regissert ein hovudsakeleg amerikansk produksjon med Hokum etter sine irske skrekkfilmar Caveat (2020) og Oddity (2024). Med på laget har han Neon, ein høgt akta distributør i USA som har hatt rettane til gullpalmevinnaren i Cannes dei siste seks åra. Ein lyt håpe på kvalitet. Eg blir skuffa.
Tidlege gløtt av skrømt akkompagnert av ordinær sjangertru musikk gjer at ein kvepp. Det er ikkje synonymt med kvalitet. Biltur i vakkert landskap til eit dystert hotell med graskarhovud før Halloween gjev ei kjensle av at ein vitjar eit eksotisk Irland. Ei raud bok med tittelen Irish Folklore bankar inn poenget.
Turisten frå USA får forklart språklege vriar. Manus kjem kanskje like mykje frå det Irland som driv med skattefordelar for filming, som frå hendene til ein irsk grøssarspesialist. At den dels emiratarabiske filmen har klistra på ein prolog og ein epilog frå ørken, vitnar om liknande prioriteringar.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.