Film

Irland i vinden

Ein god grøssar gjer dugeleg bruk av irsk folketru.

Clare Monnelly spelar hovudrolla som Shoo.
Publisert Sist oppdatert

Den rusplaga mora til Shoo (Monnelly) tek livet av seg. Shoo og den høggravide kjærasten hennar, Mila (Bystrzhitskaya), ryddar ut frå dødsbuet då Shoo blir kalla til teneste som heimehjelp i ei bygd.

Der ventar Peig (Ní Neachtain), ei eldre dame som har hatt slag. Peig gjer alt ho kan for å halde ånder ute av huset og på rett side av den raude kjellardøra med hestesko på. Båe har minne å stri med. Den psykiske helsa er ikkje all verda. Men kanskje er dei ikkje berre galne?

Krosskultur

Heime hjå mora til Shoo kryr det av krossar, religiøse måleri og figurar av jomfru Maria. Hjå Peig finn ein all slags små, symbolske ting som skal duge som forsvar. Ein lyt til dømes ha sju spikrar på teppet framom døra. Rare ting skjer. Ei geit dukkar opp, gjerne i lag med ein skummel unge.

Fréwaka er ei omskriving av irske fréamhacha, som tyder røter. Tittelen viser til dei irske kulturelle røtene i folketru, men dei to sentrale figurane i filmen har røter i fortida som det er uråd å fri seg frå.

Her møtest katolisismen og det førkristne i ein moderne irsk samanheng. Folk i stråmasker i opningsscena er tradisjonen tru, men urovekkjande. Scena er lagd til 1973 og vekkjer minne om klassikaren Narrenes konge (The Wicker Man) av Robin Hardy frå same år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement