Bok

Intoleransens uransakelege vegar

Janne Haaland Matlary skisserer verdikonservative svar på utfordringane i demokratiet. Overraskande peikar dei mot mindre demokrati.

Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo.
Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo.
Publisert

Janne Haaland Matlary skisserer verdikonservative svar på utfordringane i demokratiet. Overraskande peikar dei mot mindre demokrati.

Det største problemet for demokratiet og den offentlege samtalen er ifølge Matlary det ho kallar «relativismens grep», eksemplifisert med «wokebevegelsen», «cancel culture» og ein venstreradikal identitetspolitikk. Denne relativismen har fått spreidd seg på grunn av ein mangel på forståing av kva mennesket er, og fråvær av det sanne, det «objektive» og det «pre-politiske».

For å sikre demokratiet vil ho difor attskapa ein samfunnsorden basert på eit «objektivt menneskesyn» og ei «sannhet» som set grenser for politikk. Inspirasjonen hentar Matlary frå «naturretten» – ei rettslære basert på ei menneskeforståing utvikla i antikken, vidareutvikla av teologar i mellomalderen og i dag knytt til den katolske kyrkja, og som legg til grunn eit lovsamsvar om kva mennesket er. Det er altså noko som ikkje er forhandlingsbart.

Uforanderlege rettar

Det er mellom anna i denne samanhengen at Matlary er ein sterk forsvarar av menneskerettane og meiner dei må fungera som rettesnor og innramming av private og politiske liv. Desse rettane er «medfødte, umistelige og uforanderlige» og gjeld for alle. Dei kan altså ikkje tolkast. Dei ligg fast.

Her er vi ved ein kjerne i det ho meiner er utfordringar i samtida, nemleg utbreidd «politisk lesning» av menneskerettane. Ho vil tilbake til ei meir «bokstavtro» lesing. Det betyr til dømes at alt liv er heilagt (les abort), at foreldreretten inneber val av skular som ikkje bryt med det foreldra meiner er sant, og at familien beståande av mann og kvinne utgjer den naturlege og grunnleggande eininga i samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement