Kunst
Internasjonalt i Ålesund
Harminder Judge, «Self Portrait (after Kali and Gene)», 2009.
Foto: Kristin Støylen
Vi vert møtte av eit lòde, kolsvart ansikt med raud geipande tunge og blenkjande kvite tenner. Dei vidopne auga lyser av dyrisk villskap, ein viking i berserk. Den fulle tittelen på fotoverket er «Self Portrait (after Kali and Gene)». Her har den London-baserte kunstnaren Harminder Judge (f. 1982) smelta saman med den gruvekkjande gudinna Kali og Kiss-artisten Gene Simmon. Med syrlig ironi avslører han tradisjonsbundne strategiar for avhumanisering av Den andre. Fotografiet dannar ein barsk start på utstillinga «Er jeg menneske for deg?». Gjennom tre etasjar vert vi pressa til å løfte blikket frå navlen og skode vidt utover. Kva vil det seie å vere menneske? Korleis forvaltar vi medmenneskelege omsyn på denne kloten?
Dette er ei vel uttenkt utstilling. Kuratorane har sett saman ein frisk bukett av nasjonale så vel som internasjonale kunstnarar, så flott montert at det er ein fryd å sjå. Utstillinga står til oktober – og er verd turen. Og set av godt med tid. Her er mykje å sjå, mellom anna tre videoverk, to av dei alvorleg lange. Filmen «IAIDOL» av britiske Lawrence Lek på 83 minutt får du til gjengjeld sjå medan du på sunnmørsk vis sit komfortabelt i ein sofa.
Autodafé
Videoverket som gjorde sterkast inntrykk, var «Auto Da Fé» (2016) av den britiske kunstnaren John Akomfrah (f. 1957). Gjennom førti minutt følgjer vi åtte historiske migrasjonar gjennom 400 år, heilt fram til vår tid.
Filmen viser den håplause situasjonen til dei som må rømme frå alt dei hadde, og etter ei farefull ferd kjem i land ein stad dei ikkje finn seg til rette, ikkje er velkomne, vert jaga vekk frå. Nærbilde av rytmiske bølgjer som vaskar leiker og personlege gjenstandar på land. Det mektige havet som både bergar og sluker liv blandar dei åtte hendingane saman i ei endelaus kamp. Havet vert som ein allegori over korleis vi tenkjer på dei som må rømme unna, flyktningstraumar, bølgjer av menneske, druknande i mengda.
I filmen vandrar menneske i praktfulle klede mellom ruinar som ironisk nok er restar etter eit nedlagt badeanlegg. Filmen vert vist på to store skjermar, med spennande komposisjonar og klåre bilde. Venleiken gjer at vi orkar å sjå, for det er eit av dei smertefulle temaa vi helst lett lèt att auga for. Er dei menneske nok for oss?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.