Musikk
Intenst og meditativt
Henriette Eilertsen gjer fløyta til eit fullverdig jazzinstrument.
Henriette Eilertsen har med seg Joel Ring (t.v.) og Øystein Aarnes Vik i trioen sin.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Ei av dei store overraskingane og ein av dei beste konsertane på Vossa Jazz i år fann stad i Vangskyrkja fredagskvelden med Henriette Eilertsen Trio. Kombinasjonen av intensitet og klare drag av det meditative gjorde konserten til ei av desse musikkopplevingane som får deg til å lena deg attende, men som likevel triggar uroa.
Klårleik i uttrykket
Moder etterlèt same inntrykk. Sjølvsagt, vil du gjerne seia, men ofte er konsertversjonane av ei plate lausare i snippen og meir energiske, men plata har alle dei kvalitetane som kyrkjekonserten hadde.
I tillegg får ein klårleiken i uttrykket som ein alltid får frå ei fint produsert plate, og fint produsert er denne plata, så absolutt. I tillegg møter ein Jon Balke på tre kutt. Balke er ikkje invitert med for å «kasta glans». Det perkussive bidraget hans passar perfekt inn i dette akustisk-elektroniske lydbiletet.
Rik palett
Profilerte fløytistar som også er orkesterleiarar, er sjeldan vare i jazzen, og i rocken for den del. Innan jazzen er dei mest markante fløytistane meir eller like kjende som saksofonistar eller multiinstrumentalistar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.