Intenst levandeRune Christiansen skriv med sikker stilsans og autoritet som løftar teksten til eit nivå norsk samtidslitteratur elles berre sjeldan når.
Rune Christiansen skriv med sikker stilsans og autoritet som løftar teksten til eit nivå norsk samtidslitteratur elles berre sjeldan når.
Rune Christiansen roman Fanny og mysteriet i den sørgende skogen viser at god litteratur om sorg må ha plass til tomrommet, men også at éi kjensle aldri eksisterer aleine. For den 17 år gamle hovudpersonen Fanny, som misser begge foreldra i ei bilulukke, opplever meir enn sorg. Ho finn også kjærleiken.
Angst og glede
Fanny er ikkje skildra som ein «truverdig» tenåring, ho er sett gjennom augo til ein forteljar som formulerer seg som om han fortel eit moderne eventyr. Han opnar med ein refleksjon om at det ikkje er mogeleg å vite kven som skal møtast og finne saman, det er berre «slutten som lar seg beregne, adskillelsen som er innlysende og mulig å kalkulere med». Like etter møter vi den reine dødsangsten gjennom mora til Fanny som er fatalt skadd i kollisjonen.
Komposisjonen utvidar dermed perspektivet frå sorg som reaksjon på akutt, personleg traume til ei vidare kjensle kor sorga over at så mykje liding finst, flyt saman med sorga over at vårt eige liv skal ta slutt. Men ei slik kjensle kan også gi eit skjerpa blikk for det fine i verda.
I Miriam Stendal Boulos intervjubok Lykke og eksil (2016) sa Christiansen at han har utforska ei romanform som ikkje er plotdriven, men snarare komponert som spiral eller kretsløp. Dette viser seg i konsentrasjonen om natur og kvardagar med både rutinar og tilfeldige hendingar som berre av og til får konsekvensar for den vidare handlinga. Men spørsmålet om kva som no skal skje med Fanny, og språket til Christiansen, dreg lesaren inn.
Både som prosaist og poet har Christiansen ein sans for stemningsfulle scener og formuleringar som nesten kan gi eit stilisert inntrykk. I Ensomheten i Lydia Ernemans liv (2014) opplevde eg at dette la eit estetiserande slør over dei kaotiske og grumsete sidene av livet og skapte ein idealiserande avstand til hovudpersonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.