Intenst frå IranNoko er rote i teokratiet Iran, men flotte filmar lagar dei.DramaRegi: Mohammad Rasoulof

Noko er rote i teokratiet Iran, men flotte filmar lagar dei.

Vonleg ser vi snart skodespelarduoen Reza Akhlaghirad og Soudabeh Beizaee igjen.
Vonleg ser vi snart skodespelarduoen Reza Akhlaghirad og Soudabeh Beizaee igjen.
Publisert

Reza (Akhlaghirad) driv oppdrett av gullfisk nord i Iran. Kona Hadis (Beizaee) er rektor på den lokale jenteskulen. Eigedomen deira er attraktiv. Det blir fort klart at sterke lyssky krefter i lokalmiljøet freistar stikke kjeppar i hjula for næringa. At Reza er ein prinsippfast mann med lite sans for korrupsjon, glir ikkje nett godt i systemet mellom bank, politi, politikk og moskémiljø. Problema tårnar seg opp. Moralen blir sett på alvorlege prøvar. Å prioritere både prinsippa og familien kan bli vanskeleg.

Superduo

Dei store augo til Reza Akhlaghirad i hovudrolla er utruleg uttrykksfulle. Ofte kviler kamera på han medan hjernen kvernar. Ljoset i augo sveivar innom frustrasjon, frykt og olmt sinne. Utviklinga er ikkje alltid lagd i dagen, og ein undrast no og då på kva det neste trekket hans er. Figuren tek form på fascinerande sett. Fjernsynsskodespelaren er ein framifrå fersking i filmverda. Det same gjeld Soudabeh Beizaee. Andletet hennar eig lerretet som ei klassisk stjerne frå Hollywood. Ho er ein fryd. Både skodespelet og figuren bidreg til nyansar og nerve. Vonleg ser vi snart duoen igjen.

Bråkmakar

Den røynde regissøren Mohammad Rasoulof er ein gjengangar i Un Certain Regard, programmet på filmfestivalen i Cannes med ukjende, spennande stemmer. Med Mannen mot strømmen vann han. Det forstår eg godt. Han har ein sans for drama som konkurrerer med Oscar-grossist og landsmann Asghar Farhadi. I tillegg har han ein politisk brodd som er like skarp og skapar like mykje problem for han sjølv som den meir kjende kameraten Jafar Panahi. Etter ein festivaltur i USA mista Rasoulof passet i fjor og måtte møte i retten. Prosessen er alt anna enn glasklar.

Utan klare åtak på regimet viser filmskaparen ei mengd problem i dagens Iran. Korrupsjon gjennomsyrer samfunnet. Lite kan skje utan kontaktar eller kontantar under bordet. Nådelause trekk ved teokratiet er opprivande. Dobbeltmoral verkar som ein naudsynt epidemi ein ikkje overlever utan. Brutale bøller og sleipe finansfolk vinn fram. Rasoulof teiknar eit grimt, realistisk bilete ein trur på. Når tankane riv i Reza under løynde stunder i ei varm kjelde, sveivar det i skallen på publikum òg. Hadis har òg djupe personlege kampar mellom prinsipp og pragmatikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement