JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Intenst frå Iran

Noko er rote i teokratiet Iran, men flotte filmar lagar dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vonleg ser vi snart skodespelarduoen Reza Akhlaghirad og Soudabeh Beizaee igjen.

Foto: Arthaus

3053
20180504
3053
20180504

Drama

Regi: Mohammad Rasoulof

Mannen mot strømmen (Orig. tittel: Lerd)

Med: Reza Akhlaghirad, Soudabeh Beizaee, Nasim Adabi

Reza (Akhlaghirad) driv oppdrett av gullfisk nord i Iran. Kona Hadis (Beizaee) er rektor på den lokale jenteskulen. Eigedomen deira er attraktiv. Det blir fort klart at sterke lyssky krefter i lokalmiljøet freistar stikke kjeppar i hjula for næringa. At Reza er ein prinsippfast mann med lite sans for korrupsjon, glir ikkje nett godt i systemet mellom bank, politi, politikk og moskémiljø. Problema tårnar seg opp. Moralen blir sett på alvorlege prøvar. Å prioritere både prinsippa og familien kan bli vanskeleg.

Superduo

Dei store augo til Reza Akhlaghirad i hovudrolla er utruleg uttrykksfulle. Ofte kviler kamera på han medan hjernen kvernar. Ljoset i augo sveivar innom frustrasjon, frykt og olmt sinne. Utviklinga er ikkje alltid lagd i dagen, og ein undrast no og då på kva det neste trekket hans er. Figuren tek form på fascinerande sett. Fjernsynsskodespelaren er ein framifrå fersking i filmverda. Det same gjeld Soudabeh Beizaee. Andletet hennar eig lerretet som ei klassisk stjerne frå Hollywood. Ho er ein fryd. Både skodespelet og figuren bidreg til nyansar og nerve. Vonleg ser vi snart duoen igjen.

Bråkmakar

Den røynde regissøren Mohammad Rasoulof er ein gjengangar i Un Certain Regard, programmet på filmfestivalen i Cannes med ukjende, spennande stemmer. Med Mannen mot strømmen vann han. Det forstår eg godt. Han har ein sans for drama som konkurrerer med Oscar-grossist og landsmann Asghar Farhadi. I tillegg har han ein politisk brodd som er like skarp og skapar like mykje problem for han sjølv som den meir kjende kameraten Jafar Panahi. Etter ein festivaltur i USA mista Rasoulof passet i fjor og måtte møte i retten. Prosessen er alt anna enn glasklar.

Utan klare åtak på regimet viser filmskaparen ei mengd problem i dagens Iran. Korrupsjon gjennomsyrer samfunnet. Lite kan skje utan kontaktar eller kontantar under bordet. Nådelause trekk ved teokratiet er opprivande. Dobbeltmoral verkar som ein naudsynt epidemi ein ikkje overlever utan. Brutale bøller og sleipe finansfolk vinn fram. Rasoulof teiknar eit grimt, realistisk bilete ein trur på. Når tankane riv i Reza under løynde stunder i ei varm kjelde, sveivar det i skallen på publikum òg. Hadis har òg djupe personlege kampar mellom prinsipp og pragmatikk.

Høg standard

Kampen mot eit autoritært og ugjennomtrengjeleg system i kombinasjon med flott fotografi med gråtonar liknar ein iransk variant av russiske Leviatan av Andrej Zvjagintsev. Samanlikninga er sjølvsagt ein stor kompliment. Mannen mot strømmen er ikkje like storslagen, og dimensjonane og dramaet kjem nok meir frå Ibsen eller kanskje Kafka enn Bibelen. Det held i stor mon. Denne filmen bør folk sjå.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Utan klare åtak på regimet viser filmskaparen ei mengd problem i Iran.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis