Intens brutalitetNy tysk krigsfilm har stram stil og er sterk kost, men tippar over.KrigsfilmRegi: Robert

Ny tysk krigsfilm har stram stil og er sterk kost, men tippar over.

Den tyske desertøren Willi Herold (Max Hubacher) finn ei naziuniform, og brått er han ein brautande offiser. Foto: Florian Ballhaus
Den tyske desertøren Willi Herold (Max Hubacher) finn ei naziuniform, og brått er han ein brautande offiser. Foto: Florian Ballhaus
Publisert

Den tyske desertøren Willi Herold (Hubacher) spring for livet mot slutten av andre verdskrigen medan soldatar skyt mot han som om det var ein leik. Han kjem seg unna. Snart finn han ein forlaten kapteinsuniform. Klede skapar folk, og brått er han ein brautande offiser i møte med andre nervøse soldatar i det lovlause kaoset som pregar krigens siste dagar. Den ekte Herold har levd. Dette er ein brutal versjon av den sanne historia.

Streng stil

Kapteinen er stilig. Svartkvite bilete for å fortelje krigshistorier er ikkje uvanlege no til dags, men det fungerer, så trenden blir ikkje berre teit posering. Her er det lite å utsette på estetikken. Kaldt, skarpt ljos og djupt mørker skapar eit slåande uttrykk. Det overraskar ikkje at filmen vann pris for beste lyd på Deutscher Filmpreis-utdelinga i Tyskland. Lydbiletet skapar sterk uro med grueleg stille, skrikande ordrar eller skakande skot. Skodespelet er solid. Max Hubacher i hovudrolla får fram nervøsiteten som ligg bak overdrivne utskjellingar.

Over toppen

Ein får full innsikt i frykt og feigskap i krigen. Alle følgjer ordrar. Ingen vil bli avslørt. Berge seg den som kan. Heroisme finst ikkje. Nihilisme dominerer. Til slutt peikar filmen til Tyskland i dag med tydelege grep. Meldinga er klar, men kjennest litt klistra på. Fokus i filmen grensar mot det spekulative, der ein fråssar i brutalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement