Musikk

Intens affekt

Kvifor er Vivaldi så god filmmusikk?

Mezzosopranen Eva Zaïcik syng Vivaldis Nisi Dominus.
Mezzosopranen Eva Zaïcik syng Vivaldis Nisi Dominus.
Publisert

Spor 18 frå Le Poème Harmoniques album vil somme dra kjensel på, sidan musikken er brukt i spelefilmar og dokumentarseriar: fjerdesatsen «Cum dederit» frå Nisi Dominus av Antonio Vivaldi (1678–1741). Denne motteten over Bibelens 127. salme byrjar med setninga: «Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes.» I Tyskland har eg ofte sett salmen som portalinnskrift på gamle hus, skriven på alderdommeleg Luther-tysk, og i si latinske form er han mellom dei oftast tonesette salmane. Vivaldis versjon, komponert i Venezia i 1716, er mest kjend. Teknisk og musikalsk er dette hans mest ambisiøse solomotett.

Less is more

Kva er det som gjer «Cum dederit»-satsen så spesiell? Den venetianske barokkmusikken har ry på seg for å vera virtuos. Men venetianarane kunne òg, når det trongst, redusera det komposisjonstekniske til eit minimum. Ofte er det i slike satsar me opplever affekten, altså kjensleuttrykket, som mest intens.

«Cum dederit» opnar med ei enkel bassline. Ho pulserer roleg åleine, på éin tone, før strykarane kjem inn med eit tilsvarande enkelt musikalsk motiv med berre tre tonar. Bassen held fram like einfelt som i byrjinga, medan strykarane snart introduserer noko nytt: ei sakte stigande tonerekkje av den «kromatiske» typen, som tyder at melodien rører seg i berre halve tonetrinn. Slike kromatiske skalaar er i barokkmusikken det klåraste uttrykket for liding og sorg. Ein treng ikkje å vera musikalsk skolert for å høyra det.

I resten av satsen, etter at songaren kjem inn, høyrer me i grunnen berre variasjonar over dette sparsame musikalske materialet. På den eine sida læt det svært barokt, på den andre har det noko tidlaust ved seg – litt som byen Venezia sjølv. Det er difor denne spesielle satsen høver så godt som filmmusikk. Det spelar inga rolle om historia som blir fortald, går føre seg i mellomalderen eller under andre verdskrigen.

Heilskapen haltar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement