Teater

Intelligent og elegant

Revolusjon er eit treffsikkert galskapsteater om vyar og avmakt.

Skodespelarane kastar seg rundt i ei surrealistisk setting. Framme frå venstre: Eindride Eidsvold, Ole Johan Skjelbred, Olav Waastad, og Trine Wiggen.
Skodespelarane kastar seg rundt i ei surrealistisk setting. Framme frå venstre: Eindride Eidsvold, Ole Johan Skjelbred, Olav Waastad, og Trine Wiggen.
Publisert

Den danske teatermannen Christian Lollike har i løpet av få år rissa opp nye liner i den moderne scenedramatikken, både nasjonalt og internasjonalt. Per i dag er han Danmarks mest spelte dramatikar. Når han no har laga eit nytt stykke for vårt eige Nationaltheatret, merkar vi frå fyrste augneblinken kor fengande særpreget hans er, sjølv om det er vanskeleg å definere magien. Men han har i alle høve noko mange strevar fåfengd etter å oppnå: originalitet.

Likesæle

Stykket Revolusjon har den menneskelege likesæla i høve til verdsproblema som utgangspunkt. Ikkje minst den menneskelege redsla for å engasjere seg, noko som sjølvsagt vert kamuflert av å gå i flokk med like interesser, lik smak og like meiningar. Stykket har ein liten ellevill prolog der karakterane presenterer seg i sinnssvake kostyme og med overoppheta, manisk kroppsspråk. Men ikkje før er dette unnagjort før vi vert inviterte inn i eit stoveinteriør som ser ut som ei Ikea-avdeling. Her heng prislappar på møblane, og flate Ikea-pakkar ligg i hyllene på veggene. Personane er kledde og friserte i same stilen, og dei pratar og rører seg lenge i utstudert langsam kino. Klisjeane vi kjenner att frå vår eigen kvardag, vert såleis forstørra opp på ein brutal, men boblande komisk måte, og skodespelarane gjev her ­– på godt dansk – «den hele arm», som det heiter.

Surrealistisk setting

I ein litt ubestemmeleg, surrealistisk setting, der vi ikkje får vite kva forhold desse folka har til kvarandre, kastar dei seg rundt: Trine Wiggen, Ole Johan Skjelbred, Eindride Eidsvold og Olav Waastad, med ein perfeksjonistisk samkøyrd spelestil som samstundes gjev dei rikeleg rom for individuelle særdrag. I ytterkantane ser vi på eine sida Skjelbred som dogmatisk prøver å argumentere for globalt samvit og politisk medvit, på andre sida Eidsvold som er så djupt nede i eit samlivsbrot at ingen ting finst utanfor det. Mellom dei ser vi elleville Waastad og Wiggen som balanserer stemninga ved å reagere på (og mot) dei andre. Men stykket står aldri i fare for å ende i eit vanleg konversasjonsdrama. Her er til og med songlege verfremdungsinnslag i beste Brecht-tradisjon, som faktisk fungerer mykje meir effektivt enn vi har sett det i nyare norske Brecht-framsyningar.

I ei slik teaterform som Lollike representerer, kjem vi ikkje unna det gode (?) gamle spørsmålet: Gjer kunsten nytte? Eller: Kan teater endre verda?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement