Bok
Innfløkt og fascinerande
Noreg har hatt eit vake blikk mot latinamerikansk litteratur. Juan Manuel Marcos har derimot gått under radaren.
Da Hundre års ensomhet av Gabriel García Márquez kom på norsk i 1970, opna det for den latinamerikanske boomen med hyllemeter av omsetjingar frå det spanskspråklege Amerika, somme land meir i vinden enn andre, og nokre nesten usynlege, slik Paraguay er i forhold til nabolandet Argentina. Når Juan Manuel Marcos roman Gunters vinter frå 1987 no omsider kjem på norsk, er det den andre omsette romanen frå Paraguay, og ein må tilbake til 1968 for å finne den første: Menneskesønnen av Augusto Roa Bastos.
Krav
Gunters vinter er ein roman som stiller strenge krav til lesaren, både når det gjeld den fragmentariske komposisjonen med kryssklipping av handlinga, utan overgangar, med tallause litterære og kulturelle referansar, referansar til indiansk mytologi og historiske referansar til for eksempel Chaco-krigen (1932–1935) mellom Paraguay og Bolivia og med indirekte referansar til brigadegeneral Alfredo Stroessners brutale militærdiktatur mellom 1954 og 1989. Romanfiguren Larraín, ein pervers, feit og brutal brigadegeneral, er utan tvil eit stikk til Stroessner, levert frå eksil i USA.
For å lette lesinga har omsetjaren skrive eit informativt forord pluss fem tettskrivne sider med merknader. Når alt dette er på plass, kan ein slå fast at Gunters vinter er ein fascinerande, intrikat og allegorisk tekst som ber i seg både kriminalromanen og den politiske romanen med innslag av så vel poesi som brutal realisme.
Handlinga er lagd til den argentinske byen Corrientes på grensa til Paraguay. Ekteparet Gunter og Eliza kjem frå USA for å hjelpe til i arbeidet med å få frigitt Gunters niese Soledad, som sit fengsla etter studentdemonstrasjonar mot militærdiktaturet. Ho er ei bråmoden ungjente med litterære ambisjonar, og frå fengselet smuglar ho ut brev til mora, som hentar dei blodige kleda hennar til vask. Desse breva er refererte i kursiv utover i romanen, sterke og poetiske vitnesbyrd om kampen for å overleve mishandling, valdtekter og fysisk skamfering slik ein kjenner det frå latinamerikanske diktatur på 1970- og 1980-talet.
Hemn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.