Bok

Inne i bobla, utanfor seg sjølv

Senteret er ein stilrein og velkomponert roman om eit liv på mellombels tomgang.

Victoria Durnak er eit forfattarnamn å merke seg.
Victoria Durnak er eit forfattarnamn å merke seg.
Publisert

Elsa er ei ung kvinne som har reist frå Oslo til Skien med ei nyfødd dotter, eit barn laga i vanvare, eller som det står i romanen Senteret av Victoria Durnak: «En ulykkelig konsekvens av en London-tur for å feire et halvt år sammen med en dust.» Elsa er mutters åleine med barnet, småbarnsmutters, og ho vil korkje ha dette ansvaret eller dela det med nokon. Barnefaren, ein viss – eller snarare uviss – H. Tangen, vil ikkje vita av nokon av dei.

Namnlaus

Elsa får dagane til å gå med å trilla ungen i barnevogn fram og attende gjennom Herkulessenteret i Skien, der ho observerer kundar, dagdrivarar, naskarar og tilsette. No og då prøver ho å få kontakt med folk, utan noko tydeleg motiv, då verkar ho stundom litt vel desperat og pågåande, men for det meste vil ho vera for seg sjølv. Ho fantaserer til tider om at barnet skal verta kidnappa, og eit par gonger går ho vekk frå barnevogna, der ungen ligg, namnlaus og så å seie identitetslaus. Ja, kva skal vel barnet heita? Ei stund tenkjer Elsa at Japan kunne vera eit bra namn, og seinare gruvlar ho litt på namnet Unik i ymse staveformer, som Unique eller Uniq, men ho veit også at dette er eit namn som har vorte populært i USA, helst mellom folk med avgrensa ressursar, og då fell mykje av poenget med namnet bort.

Det skjer ikkje mykje av stor dramatikk i denne romanen, men det gjer samstundes at det vesle som finst, får sterk verknad. Kven er den mystiske mannen i korte bukser som ho ser dagstøtt, og kva er det eigentleg med den einaste ho vert bra kjend med, naskejenta Tiril? Og vil ungen nokon gong få eit namn? Kjem ho til å heita Eple, til dømes?

Spennande

Sjølv utan eit drivande plott er Senteret ein spennande roman. Men først og fremst er han eit stykke unique skrivekunst. Boka har ei særeiga stemning, Elsa registrerer nøkternt alt ho ser, ho er observant, ho skildrar ting, dette er så å seie ein tingroman, og lesaren er heile tida inne i hovudet til hovudpersonen, i hennar tette boble. Og samstundes er Elsa utanfor seg sjølv. Ho observerer seg og sitt kjenslelaust, også barnet ser ho slik. Ho er pliktoppfyllande, men berre som ei samvitsfull barnevakt. Durnak får såleis til å skildra ein depresjon innanfrå, slik han er heile tida, også når hovudpersonen ikkje tenkjer på at ho kanskje er råka av ein depresjon. Lesaren får sjå nokre meiningsutvekslingar frå ei nettside der unge mødrer deler røynsler, og mange spørsmål om barseldepresjon dukkar opp. Lukkelegvis finst det no ei bok som kan gje andre som lurer på det same, svar på mange slike spørsmål: romanen Senteret av Victoria Durnak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement