Musikk
Inn tilPrince
Eit 35 år gammalt opptak byr på Prince åleine ved pianoet.
Skru ned lyset, seier Prince nokre sekund inn i opningssporet «17 Days», idet fingrane hans dansar over tangentane. For no er vi inviterte heilt inn, til artisten åleine ved pianoet, i eit opptak som er 35 år gammalt, og som på alle måtar må kunne kallast unikt.
Artisten vi høyrer i dei første minutta av Piano & A Microphone 1983, er heilt på, til same tid som vi skjøner at han veit at dette ikkje skal ende opp på plate. «Skru ned vokalen litt», instruerer han snart nok teknikarane, før han slepper seg laus i musikken han framfører. Så finn han vegen inn i «Purple Rain,» som her høyrest mest ut som ei skisse, og leier vidare over i ei tolking av Joni Mitchells «A Case of You».
Berre desse korte avsnitta vil truleg få nokre av Prince-lyttarane der ute til å lengte etter å setje på Piano & A Microphone 1983. Gled dykk, Prince-folk. Dette er godsaker.
Rikhaldig arkiv
Prince Roger Nelson ville ha fylt 60 år i sommar, hadde han ikkje gått bort for to år sidan. At han har eit rikhaldig arkiv av uutgitt materiale, er godt kjent. Sjølv ventar eg forventningsfullt på trilogien han visstnok spelte inn, men aldri gav ut, då han arbeidde med det som vart Sign ‘O’ The Times (1988).
Derfrå får vi her høyre «Strange Relationship», framført av artisten fem år før songen fann vegen til høgtalarar verda over, i ein avsindig jazza, uferdig, men likevel tydeleg versjon. Eg var ikkje heilt førebudd på å høyre at Prince kunne spele piano på ein slik måte – om han kasta seg ut på slike eventyr i studio ofte, så må teknikarjobben ha vore ein draum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.