Musikk
Inkluderande remiks
Lady Gaga følgjer opp fjorårets album med ei remikssamling signert prominente klubbmusikkprodusentar.
Lady Gagas førre album, Chromatica, var fylt med dansemusikk inspirert av house og teknopop frå 90-talet, men sidan det kom ut midt i tjukkaste pandeminedstengingstida, var det lite aktuelt å gagle seg på dansegolv. Remiksalbumet Dawn of Chromatica er desto meir dansbart, men òg eigna for stillesitjande lytting.
Tittelen speler på det greske ordet for farge og den kromatiske skalaen, som inkluderer alle tonane i ein oktav. I bakgrunnen ligg det idear om ein science fiction-planet der all konflikt hender internt i dei forskjellige stammene, som stundom samlast for å lækje og skape fred gjennom interkulturell dans og samvær.
Mange av remiksarane har blitt valde av Lady Gagas internettfølgjarar, og det er ein mangfaldig gjeng. Her finst omkalfatringar signert den amerikanske Berlin-baserte teknoprodusenten Lsdxoxo og hyperpopartisten Charli XCX, som til liks med Lady Gaga har vore med i dommarpanelet til reality-serien RuPaul’s Drag Race.
Nokre høgdepunkt for denne meldaren er Shygirls remiks av «Sour Candy» (som òg inkluderer bidrag frå den koreanske popgruppa Blackpink), Coucou Chloes electrovariasjon over «Stupid Love» og DOSS’ blytunge og spretne radbrekking av «Enigma».
Pabllo Vittar, brasiliansk drag queen og musikar, har laga ein versjon av «Fun Tonight» inspirert av festivalmusikksjangeren forró, og medan remiksen av «Sine From Above» (med Elton John på gjestevokal) neppe vil gå på repeat i mine hovudtelefonar, set eg stor pris på den knallharde og kontrasterande gabber- og breakcore-ekskursjonen mot slutten av låta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.