Musikk

Ingen fasit

Rozi Plain lagar spørjande songar.

Rozi Plain er artistnamnet til britiske Rosalind Leyden.
Rozi Plain er artistnamnet til britiske Rosalind Leyden.
Publisert Sist oppdatert

Du veit slike situasjonar der einkvan skjer gjennom og tek ei avgjerd, på vegner av både deg og seg sjølv? I god tru på at det skjer til det beste for begge?

Og så tenkjer du etterpå at, vel, det var kanskje heller det enklaste for deg, når alt kjem til alt.

Det er rart at det går an å lage ein song om noko slikt, men «Agreeing for Two», opningssporet på Rozi Plains nye album Prize, er prov på nett det. «Agreeing for them/ is agreeing for you», heiter det der.

Underfundig vis

Populærmusikken nærmar seg ofte dei store kjenslene, og småtteriet som gjer seg gjeldande i kvardagslivet vårt, men som likevel kan vere stort på sitt vis, vert det for vanskeleg å brette ut på tre–fire minutt med strofer og refreng. Det er likevel dette mellommenneskelege sjiktet Rozi Plain går inn i på sitt eige underfundige vis i fleire av songane på Prize.

Det musikalske uttrykket til Plain – som er artistnamnet til engelske Rosalind Leyden (f. 1986) – passar eigentleg godt til slike tematikkar, som på same tid har noko konkret og abstrakt over seg (om det gir meining). Undrande observasjonar av det minutiøse i kvardagen får følgje av ein luftig, litt vimsete pop med enkle, men utsøkte detaljar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement