Bok

Inga tid for det gode

Vigdis Hjorth skriv med forstand og vidsyn om liv og lagnad.

Vigdis Hjorth har skrive ein roman om økonomi, spel, øl, lagnad og klasse.
Publisert

Av barn og fulle folk får ein høyre sanninga, vert det hevda, men det er truleg ein påstand som vart formulert av ein barnsleg fyllik, for barnet er for lite til å forstå andre sanningar enn at keisaren er naken, og i fylla vert orda færre, eller, som det heiter i eit litt upresist sitat: «När man äntligen supit till sig karaktär, har man tappat minnet.»

I den nye romanen til Vigdis Hjorth er det ein forfattar som fører ordet. Ho har fått eit brev i posten, og før ho opnar det, får ho ei kjensle av kven avsendaren er. Det vekkjer sterke kjensler hjå ho, og mange minne om hendingar på ein brun pub i Sandvika, ein stad der ho og hunden hennar ei stund var stamgjestar. Ho kom dit for å sitja i ei krå og skriva, men ho skaffa seg også inntrykk av klientellet elles, og av at lokalet var fullt av lystige, kontantbetalande folk i dagane etter trygdeutbetalinga, og tomt i dagane før.

Fordomsfull

Forfattaren på puben er ikkje trygda. Ho er merksam på at ho ikkje tek del i det som klientellet elles har sams, og ho er ei aning fordomsfull i tankane sine om dei andre, når ho til dømes meiner at ordet parole neppe finst i vokabularet deira, men denne tenkjemåten kjem berre til syne når ho reflekterer, medan dei faktiske handlingane og orda hennar syner eit godt hjarte og interesse for andre.

Den som i størst grad fangar interessa hennar, er ei anorakk-kledd og litt ufiks kvinne av ubestemmeleg alder. Ho heiter Ada og røper motviljug litt av livssoga si, og den er av det tragiske slaget. Kvar laurdag sit ho med lottokupongar og klar telefon når trekninga går føre seg på fjernsynsskjermen i puben, og ein dag skjer det at ho vinn.

No seier forfattaren i boka at det er Lotto Ada vinn i, men den sylkvasse lesaren forstår at det heller er spelet Joker, utan at det spelar noka rolle. Denne vinsten vert ikkje til glede for Ada. Ho seier på eit tidspunkt noko slikt som: «Jeg har vunnet bekymringer», og det forstår lesaren slik at Ada, som er snill tvers igjennom, ikkje meistrar lukkelege omstende.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement