Musikk
Improvisert epos
Arild Andersen driv avansert lagbygging.
For knapt eit år sidan var Arild Andersen Group i Rainbowstudioet for å spela inn låtar av bandleiaren, truleg konsertrepertoaret som dei turnerte med seinhaustes 2019. I november 2021 var det framleis pandemi og reiserestriksjonar, så Mannfred Eicher kom seg ikkje til Oslo. Når katten er vekke, dansar musene på bordet...
På andre dagen av innspelinga føreslo Andersen at dei skulle improvisera fritt og sjå kva som kom ut av det. Resultatet finn ein på denne plata, uredigert. Det første strekket er 23 minutt langt og det andre 14. Sjølv om dette er improvisert fram i to økter, har musikken ei form som naturleg lèt seg dela inn i sju med titlar frå «One» til «Seven».
Andersen sjølv har mang ein gong gått til ein spelejobb med blanke ark, men for denne kvartetten var det ei ny utfordring. Det er utruleg spanande å følgja dei på ferda frå dei første famlande stega. «One» fungerer som eit anslag der Neset introduserer pulsen som blir eit berande element i «Two». Dette stykket vert avslutta rubato. Denne avslutninga pregar balladen som Neset innleier og Lien følgjer opp. Slik finn ein tilknytingspunkt og sporvekslarar gjennom alle sju delane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.