Bok

Imponerande tidsbilde

Mihail Sebastian skriv om det å vere innanfor og utanfor på same tid.

Iosif Mendel Hechter (1907–1945) skreiv under psevdonymet Mihail Sebastian.
Iosif Mendel Hechter (1907–1945) skreiv under psevdonymet Mihail Sebastian.
Publisert

Mihail Sebastian er forfattarnamnet til Iosif Hechter (1907–1945). Han var rumensk jøde, fødd i byen Braila ved Donau. Om han ikkje kjende Romania som eit fedreland, var han sterkt knytt til denne byen og til regionen Valakia, som han løftar ut av det geografiske og inn i det psykologiske.

I to tusen år … kom ut i 1934. Det er langt på veg ein sjølvbiografisk roman og ein nøkkelroman som fangar inn dei ideologiske straumdraga i tiåret mellom 1923 og 1933, der fascisme står mot kommunisme, sionisme står mot antisemittisme, tradisjon står mot modernitet. I tillegg er jødisk sjølvforståing, jødisk kultur og jødisk identitet viktige innfallsvinklar. Handlinga er i hovudsak lagd til intellektuelle miljø i Bucuresti med ein avstikkar til Paris og til eit konfliktområde med lokale landbruksinteresser mot internasjonal kapital i form av oljeutvinning.

Høgreorientert

Som ung student kjem forteljaren til Bucuresti og blir fort trekt mot professor Ghita Blidarus førelesingar kring økonomisk historie, matematikk, logikk og religion, og modellen for professor Blidaru er den karismatiske filosofen Nae Ionescu (1890–1940), som hadde ein svært sterk posisjon innanfor intellektuelle og litterære krinsar i hovudstaden. Politisk trekte han meir og meir mot ytre høgre, med den fascistiske Jerngarden som sentrum, og dei antisemittiske synspunkta hans kom til uttrykk i klartekst i det skandaløse forordet han skreiv til I to tusen år …

Sebastian var også høgreorientert, og sjølv om han og familien var assimilerte jødar, var han sterkt opptatt av jødisk historie, som han oppsummerer «i vekslingen mellom massakre og fred, som er det jødiske livs puls». Han ser for seg at «han må miste vanen med å lide, han må miste smertens kall». Samtidig er Blidaru og meiningsfellane hans opptatte av å finne «løsningen av det jødiske problem i Romania (…) fra et politisk, et sosialt og et økonomisk synspunkt». Blidaru seier det rett ut: «Kanskje tråkker du ned en del ting – de svake. Men du gjødsler de andre.»

Det er verdt å minne om at romanen kom ut i 1934, lenge før holocaust og det industrielle folkemordet. Sebastians bragd er at han så klartenkt og analytisk viser oss kimen til det forferdelege som skulle komme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement