Film

Ikkje verd å vente på

Danny Boyle er tilbake med meir zombieapokalypse, men seriefilmen har skavankar.

Jamie (Aaron Taylor-Johnson) og den tolv år gamle sonen hans Spike (Alfie Williams) flyktar frå zombiar.
Publisert Sist oppdatert

28 år etter at Storbritannia blei tatt over av zombiar, lever eit lite samfunn på tidevassøya Lindisfarne. Tolvåringen Spike (Williams) skal vere med faren Jamie (Taylor-Johnson) til fastlandet for å lære å skyte zombiar med pil og boge.

Ingen skal leite etter dei om dei ikkje kjem heim. Sjukdomen til mora Isla (Comer) uroar guten.

Dagar og år

Eg jubla for 28 dager senere i 2002. Regissør Danny Boyle og manusforfattar Alex Garland vekte til live zombiesjangeren med noko av den legendariske zombiefilmskaparen George A. Romeros friske mot. Historia, bruken av London og spesielt musikken var ein suksess. 28 uker senere frå 2007 av Juan Carlos Fresnadillo hadde USA med på laget, og var ikkje av same kaliber. Sidan har teikneseriar halde liv i konseptet medan Danny Boyle har putla på med planar om filmen som no er premiereklar. To til kjem. Det er fri flyt av fantasiløyse.

Klipp frå krigsfilmar får i gang tankar om både krigsøkonomi og brexit. Filmen vekslar mellom høgt tempo med hakkete klipp og rolege sekvensar. Dei har filma med iPhone. Det fungerte mykje betre i Tangerine av Sean Baker enn i denne samanhengen.

Seriesynda

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement