Film
Ikkje sjå denne filmen heime
Mountain er det næraste du kjem ekstremsport utan å gjere det sjølv, og filmen bør opplevast på eit stort lerret.
Filmen har blitt til ei poetisk reise opp – og ned – tindar og toppar.
Foto: Jon Griffiths / Tour de Force
Eit av dei først bileta i Mountain er av fjellklatraren Alex Honnold idet han er i ferd med å gå opp ei stupbratt fjellhylle i Mexico – utan sikring. Kameraet fangar på svimlande vis kjensla av høgda. Vi ser rett ned i avgrunnen, og det er langt. Slike augneblinkar er det mange av i løpet av denne 72 minutt lange dokumentaren om fjellhistoria, men mest om den menneskelege erobringa av fjellet, og galskapen som følgjer med.
Ekstremsport i fjellet har blitt masseturisme og køgåing, som forteljarstemma (Defoe) ytrar ein stad i filmen. Dialogen er ein omarbeidd versjon av Robert Macfarlanes Mountains of the Mind, og filmen har blitt til ei poetisk reise opp – og ned – tindar og toppar. Defoe snakkar mest i korthogde, aforistiske setningar, som at det å gå opp eit fjell snakkar til noko større i oss, vårt eige fjell. Alt er skrudd saman til tonane frå Australian Chamber Orchestra.
Den klassiske musikken bidreg til det brusande adrenalinet av vanvitige, halsbrekkande scener frå fjellområde verda over. Kameraarbeidet er unikt, og kameraet glir og svever på måtar eg ikkje har sett på eit stort lerret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.