Bok
Ikkje noko land for lekfolk
Den nye boka til Cecilie Hellestveit utfordrar tenkinga til folk som syslar med den utvida Midtausten til kvardags. Men eg fryktar at den jamne lesar går seg vill i basaren.
Houthi-rebellar i ein gravferdsmarsj i Sana, hovudstaden i Jemen, 17. februar i år.
Foto: Khaled Abdullah / Reuters / NTB
For nokre år sidan høyrde eg ei soge om nokre europeiske antropologar i Jemen. Feltarbeidet var avslutta, og dei hadde eit fly å nå. Stammen dei hadde vore hos, ville dei skulle ete lunsj før dei drog. Antropologane freista forklare at dei ikkje kom til å nå flyet, men stammeleiaren insisterte. Det vart rasla litt med våpen, og dei fekk eit tilbod dei ikkje kunne avslå. Fyrst ete, og så skulle dei få dei på flyet, garantert. Då maten var eten, sprang dei inn i ein pickup. Bilen for gjennom landskapet, og då dei nærma seg flyplassen, taksa flyet alt for take off. Men bilen køyrde rett inn på rullebanen, og bak på planet stod ein kar med ein rakettdriven granat retta mot flyet. Antropologane kom med flyet.
Som soga over syner, kan ein parafrasere verselinja til den britiske forfattaren L.P. Hartley: Jemen er eit framandt land, dei gjer ting annleis der.
Komplekst bilete
Ein raud tråd i Ulykkelige Arabia er ei nærgåande og særs detaljert skildring av tragedien i Jemen, med særleg vekt på dei siste tjue åra. Men boka er ikkje avgrensa til Jemen, ho handlar like mykje om intern maktkamp i dei arabiske kongedømma og emirata, dei ulike syna mellom dei. USAs krig mot terror i området, regionale makter som Israel, Tyrkia og Iran, og sjølvsagt det større geostrategiske biletet der Kina og Russland speler ei aukande rolle i regionen.
Og ikkje minst kvifor Jemen er geostrategisk viktig: Kysten av landet ligg langs ei av dei mest trafikkerte sjørutene i verda. 90 prosent av verdshandelen går på sjøen, og eit vedvarande utstabilt Jemen vil kunne påverke flyten av varer.
Om denne boka er mynta på allmugen, trur eg ikkje Hellestveit har lukkast. Til det er skildringane av dei ulike stammestrukturane og palassrevolusjonane altfor detaljerte. Det er ei bok det tar tid å lese, og det er fyrst i det andre kapittelet prosaen flyt godt og ein når normalt lesetempo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.