Bok
Ikkje noko glansbilde
Trass i ein litt uheldig hovudtittel, Reisa til Moskva, har Gaute Losnegård gjort eit heiderleg og leseverdig forsøk på å skrive historia om Torolv Solheim.
Ein vestlandsk småbonde-aristokratisk demokrat som likna litt på Hemingway.
Bilete frå boka
Det var på høg tid da det i haust kom ein biografi over Torolv Solheim (1907–1995), ei av dei viktigaste drivkreftene bak danninga av Sosialistisk Folkeparti i 1961. Gaute Losnegård teiknar frå starten eit fint og interessant bilde av oppveksten til Solheim i eit egalitært, opplyst og radikalt småbrukarmiljø på Radøy utanfor Bergen, som den yngste i ein søskenflokk på fem, som alle enda som akademikarar med høgare utdanning. Etter nokre år med stykkevise opphald heime og på landsgymnas, først på Voss, så under Kåre Fostervold på Sandane, drog han 24 år gammal i 1931 vidare til studiar ved universitetet i Oslo, først i sosialøkonomi, seinare i matematikk for å bli aktuar.
I mellomtida hadde statsminister Johan Ludwig Mowinckel (V) i 1928 lydd ordre frå Noregs Bank-sjef Rygg om å sørge for å få styrta Hornsruds første arbeidarpartiregjering. Faren til Torolv, bonde og lærar, var ein av mange Venstre-folk som reagerte med å gå over til Arbeidarpartiet.
I Oslo slutta den nybakte studentsonen Torolv seg ikkje til embetsmannssønene i Mot Dag, men til Noregs kommunistiske parti. Som leiande i partiets nye studentlag forsvarte han på line med Nordahl Grieg, i kampen mot ein stigande fascisme og krigsfare, Stalins utreinskingar i Moskvaprosessane.
Mangelen på vilje hos vestmaktene til å gå inn i ei kollektiv tryggleikspakt med Sovjetunionen, og deira snarare toleranse for Hitler, så lenge han ekspanderte austover, fekk han til også å forsvare både Stalins pakt med Hitler og åtaket hans på Finland som eit legitimt trekk for å skaffe Sovjet ein buffer mot eit seinare lett føreseieleg tysk åtak.
Losnegård kan her supplerast med at til forskjell frå venen Viggo Hansteen, LOs juridiske leiar, braut Solheim heller ikkje med NKP da Sovjetunionen tok det illegitime steget vidare til å opprette den ukonstitusjonelle finske Terrijokki-regjeringa leia av kommunisten Otto Kuusinen.
Feilvurdering
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.