Bok
Ikkje alltid eins å sjå
Når ein trudde den norske målstriden alt gjekk over støvelskafta, vadar Arnfinn Kolerud ut i ei endå striare elv.
Arnfinn Kolerud har fullført trilogien om Vassbygda på Nordvestlandet.
Foto: Per Eide
Viss ein er ihuga nynorskforkjempar, snakkar ein ikkje gjerne med folk som heiter Else, for -else er jo ei forakta riksmålsending. I alle fall gjer ikkje Bendik Uføre, som vi kan kalle ein hovudperson i Arnfinn Koleruds elleville språkstridroman Gamle menn i syningom, det.
Romanen er den tredje boka i trilogien om Vassbygda på Nordvestlandet – den siste bygda i Norike som forsvarar nynorsken systematisk, og som gjer det med nebb og klør.
Kongeleg nynorsk
Ein dag ser Bendik Uføre og Enella Frø på fjernsynet at nokon har planta eit dansk flagg på taket av Slottet i Oslo. Denne provokasjonen skjer i et tid då Riksmålsforbundet og nynorskrørsla (ho finst òg spreidd rundt om i landet) ligg i konflikt på line med krig. Kongen er ein ambivalent kar som norsk konge med dansk bestefar, men han er til vanleg riksmålsbrukar. Han blir likevel slett ikkje glad over denne flaggterroren og svarar på hendinga med å uttale seg offentleg på nynorsk.
Bendik Uføre og Enella Frø frydar seg og tenker at no kan det vere håp for ei endring i språkbalansen i dette landet. Når kongen går føre!
Parallelt med at vi spent følgjer kongesporet, er vi også nysgjerrige på korleis det går med kunstprosjektet i Vassbygda, der fire store nynorskingar skal hoggast ut av fjellet, etter modell av dei amerikanske presidentane i Mount Rushmore. Og korleis blir det med det nynorske dataspelet som er under utklekking?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.