Musikk

Ikkje akkurat A4

Papirfuglen markerer tiårsjubileum på Moskus-vis.

Publisert

Å kalla Moskus ein pianotrio er sterkt misvisande. Moskus anno 2022 lèt seg ikkje setja i bås – sjølv i den romslege båsen pianotrio. Heilt sidan debuten Salmesykkel i 2012 har trioen vore på jakt etter nye uttrykk. Det har sikkert vore nyttig at medlemene i trioen har mange andre musikalske jern i elden. Dei tek kunstnarlege sjumilssteg ved kvar ny plateutgjeving.

Alle bidreg til utforskinga og komponeringa. Musikken er spelt inn live i Ugla studio på Nesodden med Morten Quenild bak spakane 9. og 10. desember i 2020. Gjennom innspelinga viskar dei ut skilje mellom det komponerte og det improviserte. Dei leikar hemingslaust med klangpaletten og dyrkar dei sterke kontrastane og ei minimalistisk tilnærming til det musikalske forløpet. Alt dette manifesterer seg i den fabelaktige «Hildegard». Tittellåten er nok eit døme på kor vellukka den leikande tilnærminga til skapingsprosessen er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement