Musikk

Idémusikk

Beethovens seine kvartettar var lite salongfähige.

Frå Beethovens manuskript til kvartett nr. 15, med tilføyinga øvst til venstre: «Heiliger Dankgesang eines Genesenen an die Gottheit, in der lydischen Tonart.»
Publisert Sist oppdatert

Mot slutten av livet var Ludwig van Beethoven (1770–1827) ein plaga mann, prega av sjukdom, høyrsletap og raserianfall. Han trekte seg stadig meir attende frå ålmenta og hadde slutta å opptre som pianist. I dag ville han vel fått innvilga uføretrygd; ein dauv komponist er jo litt som ein blind kunstmålar eller ein dansar lam frå livet og ned.

Men Beethoven valde å gjera lidingane sine produktive, gjennom ei rekkje meisterverk som i musikkhistoria blir sorterte under ymse omgrep: Beethovens «seine periode», «tredje periode» eller «introverte periode».

Tre periodar

I den fyrste perioden, den «klassiske», opplever me ein ung kunstnar som har tileigna seg komposisjonsteknikken til førebileta Mozart og Haydn og på tradisjonens grunn søkjer etter ein tone han kan kalla sin eigen. Dei fyrste strykekvartettane, op. 18, er for meg det ypparste frå denne tida.

I den andre perioden, den «heroiske», høyrer me ein sjølvstendig kunstnar med mål om å føra musikkhistoria over i eit nytt spor. Tredjesymfonien, som han kalla «Eroica» og opphavleg tileigna Napoleon, er det beste dømet på musikalsk stormannsgalskap.

I den tredje perioden, den «introverte», kasta han like mykje vrak på musikalske konvensjonar som på reglar for høveleg framferd og personleg hygiene. Inga verkgruppe syner hans sjølvgransking og kunstnarlege eksegese tydelegare enn dei fem såkalla seine strykekvartettane (nr. 12 til 16), som er avantgardistiske og attendeskodande på same tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement