Bok

Idealisme kostar

Bjarte Breiteig fører oss på innsida av eit bymiljø vi sjeldan les om i norske romanar.

Bjarte Breiteig har skrive novellesamlingar og romanar.
Bjarte Breiteig har skrive novellesamlingar og romanar.
Publisert

Bjarte Breiteig har til no vore mest kjend for gode noveller. Denne gongen har han skrive ein roman som scorar høgt på sikkert språk, stram komposisjon og eit godt driv.

På nesten naturalistisk vis er vi tett på elende og reinspikka naud i denne boka. Vi er hos store innvandrarfamiliar trengde saman i bitte små husvære, hos folk som anten ikkje greier kome inn i landet vårt eller blir kasta ut når dei endeleg kunne ha funne ro. Her er menneske med liv merkt av narkomani og vald, dei er sjuke og nedbrotne. Tøyen er kjend som ein av dei aller fattigaste bydelane i Oslo. Slik har det vore heilt frå tida då Amalie Skram og andre skildra vonløysa og elendet i Kristiania på tampen av 1800-talet.

Det er kanskje linene frå diktinga på den tida som gjer at ein har ei nesten skjebnebestemt undergangskjensle under lesnaden. Mot det pessimistiske er likevel ei like tydeleg oppdrift, problem blir sette under debatt, og ein mogleg veg fram blir peika ut. Tøyen er også ein fascinerande og mangslungen stad. Breiteig held seg (så vidt) innanfor grensa for det som gir håp.

Hit har dei kome

«Det var ikke noe nytt at Tøyen var for de fattige og utsatte. (…) Hit hadde mennesker funnet veien fra Vietnam, Chile, Bosnia, Aserbajdsjan. Det var hit de kom. Tøyen var Norges kontaktflate mot verden.»

Hit kjem også det unge paret Jostein og Mona med ein liten son. Når venene finn seg lekre husvære og villaer på Nordberg og Frogner, går det idealistiske paret motstraums og satsar på Oslos mest belasta bydel. Med stort pågangsmot ser dei løysingar der dei fleste ville ha sett uoverstigelege hinder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement