Teater
Ibsen omsett til 2020
Ny «dukkehjem»-versjon legg erkjenningsreisa til vår tid.
Dokkeheimen er ein opplyst liten arena denne gongen.
Foto: Øyvind Eide
Dei største teaterklassikarane har gjerne både ei ytre handling, som vi smiler litt av i ettertid, og ei indre, som syner seg forbløffande eviggyldig. Når vi ser Mattis H. Nyquists Ibsen-variant på Torshovteateret, der personane snakkar og fører seg som unge menneske av i dag, vert vi først skeptiske, men snart overtydde.
Dialogane har med små uventa grep fått fornya tyding, og mann og kone-leiken, som først fortonar seg skrudd i moderne bunad, vert fort mest skremmande aktuell. Denne dokkeheimen er ikkje ei stove med stol, bord og dører, men to sirkelrunde element, golv og tak, i mjølkekvitt glas, ein opplyst liten arena.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.