Bok

I spennet

Line Blikstad skriv medrivande om havet, døden og kjærleiken.

Line Blikstad debuterte som romanforfattar i 2001.
Line Blikstad debuterte som romanforfattar i 2001.
Publisert

I baksideteksten til Line Blikstads tredje roman blir dramatikken avslørt med ein gong: Tove og Mia er fjorten år og bur i ein svensk småby. Mia er forelska i tjue år gamle Glenn, men Glenn viser seg òg å vere elskaren til Liv, mor til Tove. Ein dag druknar Mia i elva, og Tove og Liv flyttar til Noreg. Sånn! Då kan lesaren ta til.

Etter det kom sommeren er altså ikkje ein roman med krimambisjonar, der tinga blir avslørte etter kvart. Hendingane er snarare føresetningar for å sjå på kva som skjer med karakterane i møte med dei. Av den grunn er det heller desse «småtinga» eg må vere varsam med å røpe. Men det går an å seie såpass at når ein fjortenåring er ein nasegrus beundrar av mor til venninna, og den same mora snappar ein mann framfor auga hennar, skjer det noko med relasjonen deira. Då skjer det òg noko med tilhøvet venninnene imellom.

Glenn, sentrum for all denne merksemda, og som dessutan blir dyrka av mor si og broren, har eigne utfordringar ved å vere ein så utvald person for så mange, sjølv skulle han gjerne hatt litt større armslag. Og når nokon døyr, vel, då skjer det noko med dei fleste i nærleiken.

Observasjonsevne

Kva hender med folk i gravferder, korleis oppfører dei seg? Line Blikstad kan foreslå noko ganske presist: «Kvinnene ser på mennene. Mennene ser på bilene sine. Og barna ser på trærne, bilene, mødrene og fedrene med helt nye, forundrede, øyne.»

Konsist og poetisk målar forfattaren ut det som rører seg mellom personane, på og mellom linjene. Forma er knapp, nokre gongar ned til det kortprosaiske. Likevel er det aldri tvil om samanhengen mellom dei kortare og lengre tekstdelane, at dei utgjer ein roman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement