Kunst

I skuggen av Munch

Med det nye Munchmuseet har Stenersensamlinga endeleg fått ein ny heim i ei av dei øvste etasjane. Det var fint å sjå att verka etter så mange år. Nyreinsa og restaurerte gneistar måleria imot oss.

Else Hagen: «Familie», 1950
Else Hagen: «Familie», 1950
Publisert Sist oppdatert

Denne unike samlinga med nyare norsk kunst vart gitt til Aker kommune i 1936 av forretningsmannen og kunstsamlaren Rolf E. Stenersen (1899–1978). I 1970-åra vart samlinga overført til Munchmuseet. Men det var først i 1994 at samlinga fekk ein eigen utstillingsstad med Stenersenmuseet, som låg vis a vis Oslo Konsertsal.

Bygningen husa i tillegg utstillingar frå to andre fine samlingar som var gitt til kommunen, etter landskapsmålaren og Gude-eleven Amaldus Nielsen (1856–1932) og dei naivistiske og fargesterke måleria til Ludvig O. Ravensberg (1871–1958). Stenersenmuseet vart lagt ned i 2015 og vedteke samlokalisert med det nye Munchmuseet.

Det som gjer Stenersen-samlinga så eigenarta, er at ho løftar fram delar av samtidskunsten som streid mot den meir franskinspirerte kunsten som vart løfta fram av samtida elles, og også innkjøpt av Nasjonalmuseet. I ei tid då det var særs få som kjøpte modernistiske, tyskorienterte ekspressive verk, vart Stenersen viktig for at bilde også frå denne kunstretninga skulle takast vare på.

Stenersen hjelpte også fleire kunstnarar økonomisk, slik at dei var i stand til å satse vidare. Vi har mange eksempel gjennom kunsthistoria på kunstnarar som har bøygd av og innordna seg den «gode smaken» på grunn av manglande støtte.

Samlinga viser kor viktige private samlarar kan vere, som supplement til statlege innkjøp.

Kloke koner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement