I fjor haust var søndagsunderhaldninga på TV-skjermen prega av historia om klondyketida i Stavanger. Den ferske ungdomsromanen Nordsjøen bit TV-serien Lykkeland i halen. Far til Mathias har kome for lett til dei store pengane i oljebyen. No står fasaden for fall.
Ein måndag i oktober kjem Mathias heim frå skulen og ser to ukjende bilar utanfor huset. Politiet reiser av garde med datamaskiner og papir. «Det er bare en tullete misforståelse», seier far.
Mathias trur og tvilar. Han ser på far sin – på alfahannen som surfar og spring. Han ser på seg sjølv. Liknar han på pappa?
Elen Betanzo skildrar identitetskampen i skuggen av ein komplisert farsfigur på ein innsiktsfull måte. Gjennom blikket til Mathias endrar både foreldra og venene seg. Alt kjem i spel, ingenting ligg fast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.