Bok
I samfunn med Satan
Syndebukken er ein djuptborande tekst om grunnlaget for sosial orden.
René Girard (1923–2015) var professor på Stanford-universitetet. I 2005 vart han vald inn i Académie Francaise.
Foto: frå forlaget
Korleis folk organiserte seg i statar, og kvifor dei gjorde det, har kanskje ikkje vore noko stridsspørsmål for ålmugen, men somme har lenge forstått at dette er noko som er heilt sentralt for forståinga av mennesket. Ser ein bort frå det teleologiske synspunktet, altså det som seier at utviklinga av til dømes statar har eit mål og er del av ein plan som vart tenkt ut av ein skapande instans, er det ikkje så mange truverdige hypotesar å velja mellom.
Thomas Hobbes kom i si tid fram til at for å forstå at samfunnet er organisert i statar, måtte ein tenkja seg det utan statsdanning, i ei stode han kalla naturtilstanden. I denne hypotetiske situasjonen, der det altså ikkje var noko hierarki frå før, meinte Hobbes at ein berre kunne unngå at alle kriga mot alle, ved ein samfunnskontrakt. Men den franske filosofen René Girard fann i boka Syndebukken eit anna grunnlag for organisering av samfunnet, og det i noko ein ikkje skulle tru hadde nokon slik verknad, nemleg det kollektive mordet.
Syndebukkmentalitet
Det kollektive mordet kom av det Girard i boka kallar syndebukkmentaliteten. Ein finn saman ved å gje andre skulda for eitkvart. Innleiinga til dette er det som vert kalla mimesis, altså imitasjon eller herming. Girard drøfter dette som fenomen med vaksne aktørar, men herminga er jo den første eigentlege intellektuelle kontakten eit menneske har med eit anna: Me kommuniserer ved herming. Og herminga held fram, me lærer oss å lika eller mislika det eine og det andre ved døme, me ser opp til nokon og vil vera som dei og ha det dei har, men det er jo dei som har det, og såleis oppstår ein konflikt. Denne løyser me ved å gjera den som står i vegen for oss, reelt eller innbilt, til ein syndebukk.
Girard meiner i boka å ha funne slike mekanismar bak all statsdanning og i alle menneskelege fellesskap, dei vart til ved utpeiking av ein syndebukk. Girard definerer samfunna slik i boka: «De er alle eksempler på Satans rike.»
Folkeforføring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.