I morgon dansar vi
Mounia Meddour held framleis ei fengjande feministisk fane høgt i Algerie.
Lyna Khoudri i hovudrolla som den talentfulle dansaren Houria.
Foto: Storytelling Media
Drama
Regi: Mounia Meddour
Livets dans (Orig.tit.: Houria)
Med: Lyna Khoudri, Rachida Brakni, Amira Hilda Douaouda
Kinofilm
Houria (Khoudri) går på ballettskule i Alger. Ho er ambisiøs og fryktlaus. På fritida spelar ho pengar på ulovlege saueslåstkampar for å tene pengar til å kjøpe bil til mor si. Etter sigrar til villstyringane Putin og Trump stangar bin Laden ned Obama, og Houria innkasserer ein god sum. Ein tvilsam type som luktar trøbbel heile vegen, skrik om juks og følgjer etter henne gjennom mørke smug. Han angrip, og ho blir alvorleg skadd. Vegen tilbake til livet er tung.
Traume
Regissør Mounia Meddour køyrer på med tempo og intensitet. Ho er opptatt av presisjon. Ein høyrer at lydarbeidet held høgt nivå, spesielt når vind, pust og bølgjer gjer seg gjeldande. Ettermiddagssola på takterrassen får fram sansen ho har for ljos. Desse trekka minner om den fantastiske debuten til Meddour, Papicha frå 2019. Båe filmane er knytte til trauma frå dei valdelege åra på nittitalet og erfaringane Algerie har med terror. Igjen er kvinnene offer og modige motstemmer. Filmane er terapi. Dei estetiske motiva har skifta frå klesdesign til dans. Ulike kunstartar kan ha medisinsk effekt.
Dansen symboliserer fridom. Litt i likskap med den georgiske godbiten I morgen danser vi kan ein uttrykke opprørske kjensler med kroppen etter store kriser. Her òg er lydsporet fylt av slagerar med meining. Pophitar som «Gloria» av Umberto Tozzi og «Single Ladies (Put a Ring On It)» av Beyoncé blir blanda med Maria Callas og arabiske godbitar av mellom anna Warda og Rayan & Rima.
Språket er sentralt. Først som sosial markør i vekslinga mellom arabisk og fransk, seinare gjennom teiknspråk til hjelp i eit trygt miljø for folk som freistar lækje ulike sår i sjela.
Fellesskapa
Miljøskildringane av samhald mellom kvinner seglar opp som eit signaturtrekk hjå Meddour. Ho er god på det. Portretta er fulle av kjærleik til fridom og fellesskap. Vennskap gjev styrke til å stå i stormane som treffer tett for algeriske kvinner.
Fleire av skodespelarane frå Papicha er med igjen. Karrieren til Lyna Khoudri tok av etter den strålande tittelrolla der. No er ho igjen sterk i hovudrolla. Tapt talemål krev rett nok tydelegare trekk i andletet. Filmskaparen Meddour høyrer stilistisk heime i ein europeisk tradisjon for realisme, men ho står òg i tydeleg gjeld til melodramaet som nyt stor popularitet og har djupe røter i den arabiske filmverda. Det melodramatiske er sterkt til stades i Livets dans.
Filmen er fin og engasjerande, men nokre snare vendingar og sidespor med varierande relevans gjer at han ikkje er på heilt høgde med knyttneven Papicha. Kanskje hadde eg for store forventingar etter entusiasmen eg kjende for debuten. Meddour er heilt klart ein av frontfigurane i nordafrikansk og arabisk film. Det er ikkje mange av dei som kjem på kino i Noreg. Altså lyt ein nytte høvet no.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Regissør Mounia Meddour køyrer på med tempo og intensitet.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.