Bok

I meste laget

Denne gongen lar Erlend Loe ein god idé renne ut i sanden.

Erlend Loe er forfattar, kritikar, omsetjar, gjendiktar og film- og serieskapar.
Publisert Sist oppdatert

Da dronning Sonja for ei tid tilbake besøkte Kjell Killi Olsens kunstgalleri K.U.K. i Kjøpmannsgata i Trondheim, var ho svært utilpass med å seie namnet, men ho løyste det fint på sin måte: K punktum, U punktum, K punktum. Men la oss halde dronninga utanfor denne meldinga.

Derimot nemner eg ein gammal kompis som ganske tankelaust og på fleip sa til ein småtass at når du har felt tennene, så feller du tissen og kan få pengar også for den. Ungen braut saman i klassisk freudiansk kastrasjonsangst, og om han nokon gong kom over sjokket, skal vere usagt.

Midtlivskrise

Eit sjokk er det også for 45 år gamle Tander Telemann den dagen i dusjen da både kuken og ballane klaskar i badegolvet, og han står der utan kjønnsorgan. Som kastrert i midtlivskrise startar ein lang prosess med å reorientere seg.

Tander er norsk middelklasse, etablert med kone og to ungar på mellomtrinnet, journalist i bladet Motor og ivrig syklist. Kona Nina er av det geskjeftige slaget, og når ho omsider får vite kva som har hendt, prøver ho etter beste evne å få alt på stell igjen.

Etter måten tar Tander det heile med godt humør. Han legg kuken i frysaren i ein boks merkt «bringebær», før han oppsøker helsevesenet og blir møtt med overberande vantru, men han får nokre namn og adresser han kan oppsøke. Av desse er Zachariassen den fremste eksperten på sånne problem som Tander har fått i fanget. Men Zachariassen er på Mallorca, og Nina svingar seg rundt og reiser nedover for å oppsøke han – og ho blir der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement