Bok

I lauget med Fyllingsnes

Den ferske boka om Island går tett på landet det er mogleg å bli intim med.

Då forfattaren skulle ta seg eit bad i ei varm kjelde, møtte han to turistar frå Canada.
Då forfattaren skulle ta seg eit bad i ei varm kjelde, møtte han to turistar frå Canada.
Publisert

Ottar Fyllingsnes er på eit pønkemuseum i eit nedlagt offentleg toalett under bakkeplan i Reykjavik når han bestemmer seg for å intervjue ein annan museumsgjest. Men før han kjem så langt, ber den andre gjesten han om intervju. Ho kjem frå Sveriges Radio, og dei to islandsreportarane blir ståande ved doen og fritte kvarandre ut om forholdet til Island.

Når eg les Fyllingsnes’ forteljing frå dagens gjennomdokumenterte Island, kjennest det uendeleg lenge sidan Snorre reiste til Noreg for å kartlegge vår historie i Kongesagaene. Sidan da har det vore nordmennene – og svenskane, amerikanarane, kanadiarane og så vidare – som reiser til Island for å lage litterære kart. Fleire av dei norske bøkene har same tittel, altså Island, slik som Kirsti Macdonald Jaregs bok av 2021, Knut Ødegårds bok frå 1992, Olov Isaksson og Søren Hallgrens bok frå 1975, og Fyllingsnes si Island, med undertittelen Eit varmt portrett av ein fargerik kultur.

Dagsaktuelt

Treng vi enda ei bok om dette landet som, må ein seie, ikkje er det mest ambisiøse ein kan ta på seg å få oversikt over? Landet har jo si naturlege avgrensing mot havet, ei relativt kort geologisk historie og mykje unikt og godt formidla og lett tilgjengeleg kjeldemateriale.

Jau, den som godt kan skildre Islands utvikling – vulkansk aktivitet, endringar i landskapet, landnåm og politiske og kulturelle utvikling – skildrar jo nærmast den globale historia, sjølve skapinga. Og skildringa til Fyllingsnes tenner ein gnist i denne lesaren.

Han bruker relativt liten plass på generelle innleiingar av dei ulike av temaa (geologien, naturen, landnåm, turisme og meir) og meir tid på å snakke med folk. Det gjer prosjektet, som tittelen lovar, varmt, og levande. Samtidig gjer det boka meir dagsaktuell, og her og der, der intervjudelane er særleg dominerande, nesten avisaktig. Viss ikkje dette grepet blei tatt medvite, kan ein spørje seg om manuset fortener eit hardt og påkasta omslag som denne boka er gitt. Men her er det eitt av fleire element som gjer at form og innhald går opp i ei større eining:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement