I godt selskap

Kurator Solveig Lønmo har invitert inn seks samtidskunstnarar til å gå i dialog med bildevevane til Hannah Ryggen (1894–1970). Utstillinga fløymer mot oss som eit friskt pust, og vi ser at arbeida hennar er like aktuelle i dag.

Ahmed Umar: «Thawr, Thawra (Ox, revolution)», 2014.
Ahmed Umar: «Thawr, Thawra (Ox, revolution)», 2014.
Publisert

Det er andre gong kunstindustrimuseet i Trondheim arrangerer Hannah Ryggen Triennalen. Kunstindustrimuseet har ei omfattande samlinga av bildevevar av den svensk-norske kunstnaren, og fleire av dei sterkaste arbeida, så det har vore høge forventingar til den store mønstringa.

Hannah Ryggen hadde atelier på garden ho bygde opp saman med mann og barn på Ørlandet i Trøndelag. Herfrå følgde ho med på verda og skapte teppe som liknar lite anna i kunsthistoria. Verka hennar vert framleis viste ved store mønstringar. I samband med at Noreg er gjesteland på bokmessa i Frankfurt i sommar, vert det meste kunstindustrimuseet eig av teppe, lånte ut til ei omfattande separatutstilling. Nye generasjonar samfunnsengasjerte kunstnarar verda over lèt seg fascinere av det uredde, klårsynte uttrykket hennar.

No er seks av desse inviterte til Trondheim. Hannah Ryggen Triennalen 2019 har nytt land som tema. Fleire av verka er laga særskilt for utstillinga, og i ruvande format som kjem svært godt til sin rett i dei digre utstillingssalane til museet.

Når vi kjem inn i utstillinga, går vi rett på ein svær keramisk skulptur av sudansk-norske Ahmed Umar. Ein okseliknande figur ligg blodig og smerteleg forvridd på ei dyne av sand, som eit offerdyr. Figuren har vakre former, denne samankoplinga av det heslege og estetiske gjer sterkt inntrykk. Skulpturen kan tolkast biografisk. Ahmed Umar kom til Noreg som politisk flyktning frå Sudan i 2008, eit land der grunnleggande menneskerettar vert krenkte, mellom anna der homofili framleis er hardt straffa. Men til liks med dei andre verka i utstillinga, er verket ikkje sjølvforklarande, det vert opp til publikum å tolke.

Det er interessant korleis verka i utstillinga spelar saman på subtilt vis, bundne saman av slanke bruer, utan at det nokon gong vert påtrengande eller overtydeleg. Her må ein gå med årvakne auge skal ein finne kvalitetane som løftar utstillinga til ei oppleving heilt utover det vanlege.

Folkemord

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement