Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

I fri flyt

Kristine Næss skriv med snert og eleganse om «köttets lust och själens obotliga ensamhet».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristine Næss debuterte med ei diktsamling og har skrive fleire romanar.

Foto: Finn Ståle Felberg

2997
20181214
2997
20181214

Roman

Kristine Næss:

Mens jeg husker det

Oktober

«En plutselig frigjørende tanke», heiter det hos Kjell Askildsen, og hos Ingeborg, forteljaren i Kristine Næss’ nye roman, er det mange plutselege tankar, men ingen av dei er frigjerande. Ingeborg har ein ambisjon om å skrive ei avhandling om namnesystera Ingeborg Bachmann; problemet er berre at ho har korkje bachelor- eller mastergrad, men på skissestadiet ser ho for seg at ho skal ta innersvingen på venninna Kristine, som har doktorgrad på nettopp Ingeborg Bachmann og som ho meiner har stole både idear og formuleringar frå hennar notat. No har Ingeborg passert 50, ho har stranda i det mellombelse og jobbar deltid i eit bemanningsbyrå.

Livsløgn

Likevel har ho noko å vise til gjennom to romanar der den eine, I fri flyt, vekte oppsikt ved å ta samtida på kornet. Det er ti år sidan; no lever ho sjølv i fri flyt utan grep om eige liv, forskansa i sjølvbedrag mens ho sminkar si eiga einsemd med draumen om den store og frigjerande avhandlinga, ikkje ulikt Hjalmar Ekdal i Vildanden, han som baserer tilværet på ei livsløgn om den store oppfinninga som skal revolusjonere fotografiet, fint balansert mellom komedie og tragedie.

Ingeborg tenkjer stort og analytisk kring det samfunnet ho lever i, og pensar innom både klasseomgrepet, den teknologiske utviklinga og immaterielle verdiar, framandgjering og overskriding av det framandgjorde inn i utopien, og det er det utopiske hos Ingeborg Bachmann ho har som brennpunkt i avhandlinga. Samtidig går det fort i stå, og alle slags trivialitetar tar tid og tanke og konsentrasjon. Denne pendlinga mellom det høge og det låge turnerer Næss med humor og ironi og med ein språkleg fantasi som svært få kan vise maken til.

Rikt språk

Ingeborg har problem med nære relasjonar; ho lever på utsida og vågar ikkje gå inn i forpliktande forhold, til det er ho for kritisk, både til seg sjølv og til omverda. Likevel er draumen å komme innanfor, og den altoppslukande draumen er å finne ein mann ho kan leve med, men dei er anten gifte, homofile eller rett og slett dumme.

For å realisere draumen om å delta planlegg ho ein overdådig middag med tolv gjestar, modellert etter nattverdsmåltidet i Bibelen. Det blir eit selskap som spenner frå akademia til den uføretrygda naboen i oppgangen, og elles av folk ho knapt nok kjenner.

Men for Ingeborg blir dette ei positiv oppleving; ho vågar noko ho aldri har våga seg ut i før, og denne realitetsorienteringa vil kanskje gi ei forankring og ein bakkekontakt i noko anna enn draumen om ei avhandling.

Kristine Næss har eit svært rikt og nyansert språk som tar opp i seg både det avansert akademiske og det rufsete folkelege. Slik kan ho minne litt om Thure Erik Lund – også i det samfunnskritiske blikket på den digitale utviklinga.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kristine Næss har eit svært rikt og nyansert språk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis