Bok

I det mellombelse

Som gartnar er Mari Ulset flink med frukt og grønt og ulike krydder. Det blir det litteratur av.

Mari Ulset debuterte i 2011 og har no skrive roman nummer fire.
Mari Ulset debuterte i 2011 og har no skrive roman nummer fire.Mari Ulset debuterte i 2011 og har no skrive roman nummer fire.
Publisert

Roman

Mari Ulset starta forfattarskapet sitt i det nære og kjente med to romanar (Biltur i2011 og Juni, juli, august i 2014) med handling lagd til dei traktene ho sjølv kjem frå, Nordvestlandet. Med nennsam hand skildrar ho i det ytre stilleståande kvinneliv der lengten etter forandring formar kvardagen: at noko skal hende, at nokon skal komme. Slik skaper ho eit undertrykk og eit sug i tekstane sine.

I den tredje romanen, Slik lever vi her frå 2016 har ho flytta frå bygdeliv til byliv, frå immaterielle verdiar til overflatisk materialisme, frå psykologisk realisme til ironisk distanse, og i årets bok følgjer ho den same tematikken i skildringa av kjendiskokken Andrea Bang.

Sjølvopptatt

Andrea Bangs liv som kokebokforfattar, trendsetjar og A-kjendis har forma eit sjølvbilde heilt ute av proporsjonar der det oppstår ein komisk distanse mellom den ho ønskjer å vere, og den ho faktisk er, noko omverda ser, men som Andrea ikkje får med seg. Ho verkar fordomsfull, overflatisk, jålete, sjølvopptatt og grunnleggjande usikker og sårbar i møte med realitetane. Overgangen frå eit liv som merkevare til eit alminneleg kvardagsliv er ikkje lett å ta inn over seg.

Ho hadde si store tid i TV, i vekeblad og i bestseljarlistene på 1980- og tidleg på 1990-talet. Ti år seinare, i 2003, er ho konsulent i Opplysningskontoret for frukt og grønt, noko ho ser på som mellombels mens ho ventar på at noko skal hende, nokon skal komme, og plutseleg får ho sjansen til å reise seg igjen etter det store fallet da ho blei avslørt for juks og plagiat i den siste kokeboka. Forlaget tar kontakt og vil gjerne markere 60-årsdagen hennar med ei samling av Andreas beste oppskrifter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement