Kunst

«I denne utstillinga opplever eg parallellane til Garborg som anten for utydelege eller for direkte»

Den årlege litteraturfestivalen Garborgdagane har alt vart i over ei veke når Bryne kunstforening inviterer til utstillinga G ­– sanning tvil i dei enorme lokala til tidlegare Jæren Meieri.

«Drøs drøset drøs drøsa» (2024), installasjon av Elise Storsveen. Applikert tekstil (gjenbruksmateriale, vlieselin og stillasnetting).
«Drøs drøset drøs drøsa» (2024), installasjon av Elise Storsveen. Applikert tekstil (gjenbruksmateriale, vlieselin og stillasnetting).
Publisert Sist oppdatert

Mursteinsveggane med knaggrekkjer liknar garderoben i ein symjehall frå 1980-talet, men A4-lappar med påtusja «Kunstutstilling» og pilar gir ei sjarmerande påminning om kva som er i vente.

I tredje etasje er døra inn til den eldste delen av meieriet. Rommet kan faktisk minne om dei svære hallane i Venezia som tidlegare vart brukte til skipsbygging, men no er del av biennalen. Det er noko merkverdig rett med kombinasjonen av gamle, slitne murveggar og kunst.

Drøs gir liv

Det første kunstverket er «Drøs drøset drøs drøsa» (2024) av Elise Storsveen. Ein transparent, blåleg tekstil, som viser seg å vere stillasnetting, utnyttar til fulle storleiken i rommet. Verket er 2,7 x 50 meter, fordelt på tre lengder. Frå inngangen ser ein svarte silhuettar av påsydde menneskefigurar som er vende mot kvarandre og bundne saman av gjenstandar eller ei utstrekt hand.

Figurane er anonyme og liknar dokker, heilt til ein går lenger inn i rommet og ser baksida. Her kjem sterke fargar og mønster til syne, og figurane får liv. Den gjennomsiktige nettingen gjer at me i tillegg skimtar andre besøkande på utstillinga, som også møter kjende og slår av ein prat. Dette gir ein artig effekt. Ei openberr fortolking må vere at ukjende først får særpreg når ein møtest, slår av ein prat og drøser.

Skjult natur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement