I denne søte listetid
Dag og Tid-filmmeldarane Brit Aksnes og Håkon Tveit har mange og lange diskusjonar om film. Dei endar til slutt opp med å ha fire av ti like filmar på listene over dei beste i år.
Kring tre hundre filmar har ordinær premiere i Noreg kvart år. Av desse har eg sett kring ein tredjedel. Og av desse hundre er det denne lista vert til. Er eg redd eg kan ha gått glipp av noko? Strengt tala ikkje, for det er sjeldan Hollywood-maskina leverer noko som kjem opp mot det ørvesle me vert eksponerte for av det beste frå resten av heile verda. At det ikkje samsvarar med kva som vert sett mest, har slutta overraska meg for lenge sidan.
Balanse
Det eg meiner, er at verda er full av god film. Ein av dei som tronar høgast i år, er den koselege, viktige, rørande Mustang (regi: Deniz Gamze Ergüven). Det står ikkje så bra til i Tyrkia, men filmar som kastar lys over problema, kan dei, på elegant og forståeleg vis. Og nettopp det å kunna ta opp problem er ein av dei kvalitetane eg set høgast ved film. Min elskede (regi: Maïwenn) og American Honey (regi: Andrea Arnold) handsamar begge maktbalanse i eit forhold, på vidt ulike måtar, den eine i Overklasse-Frankrike, den andre mellom utstøytte ungdomar i USA. Det gjer at eg får innblikk i situasjonar som nok er reelle, men som eg ikkje nødvendigvis støyter på sjølv. Også Mine beste dager merkar seg ut med sine fine betraktningar om oppvekst, kjærleik og venskap. Du store verda Den mest majestetiske filmen på norske kinoar i år er Human (regi: Yann Arthus-Bertrand). Tre timar med hakesleppfine foto av menneske og natur gjer godt for sjela. Som den arge motstandaren av lange filmar som eg er, så har både denne, før nemnde American Honey og Min pappa Toni Erdmann (regi: Maren Ade) snike seg inn på lista (alle om lag tre timar lange), så alltid unnatak for reglane. Sistnemnde er provet på at tyskarane kan laga komedie med laustenner og parykk som fungerer, mykje grunna alvoret i botn.
Alvor manglar det ikkje på i år, heller ikkje på kino. I Markedets lov (regi: Stéphane Brizé) ser me dagens arbeidarklasseslit på sitt verste, noko som likevel blir småtteri opp mot helvetet på dei danske strendene under den andre verdskrigen i Under sanden (regi: Martin Zandvliet). Det er heller ikkje lystig på dei vesle deltabankane i Georgia, som vist i den vakre Corn Island (regi: George Ovashvili). Og for å summera opp verda, samfunnet og sjelsliv mellom oss alle, så skulle det ein film om mayafolket til, med
Ixcanul
(regi: Jayro Bustamante). Alle filmane bør absolutt sjåast på stort lerret, men lat oss prisa verdsveven som med tid og stunder vonleg tillèt at du får sett dei i det heile. Årets norske film Ja, det blir med ein merknad på slutten, for norsk film nådde ikkje opp for min del i år, men eg tillèt meg heiderleg omtale til både Alt det vakre (regi: Aasne Vaa Greibrokk) og Kongens nei (regi: Erik Poppe).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.