Musikk

I Bachs ånd

Utanboks: Den engelske tenoren David de Winter er Solomon’s Knots beste solist.
Publisert

Det engelske ensemblet Solomon’s Knots kjennemerke er at det ikkje har dirigent, og at solistane syng utanboks. Dette imponerte under konserten fredag kveld, som baud på fyrsteleg sørgjemusikk.

Festivalmottoet «transformasjon» kunne her like gjerne vore «addisjon». Kantaten Laß, Fürstin, laß noch einen Strahl, BWV 198, som Bach komponerte til sørgjegudstenesta for Sachsens kurfyrstinne Christiane Eberhardine i 1727, er fullstendig overlevert. Men av den to år yngre sørgjekantaten til fyrst Leopold av Anhalt-Köthen, Klagt, Kinder, klagt es aller Welt, BWV 244a, er berre songteksten bevart. Sidan det sistnemnde verket baserer seg kompositorisk på det fyrste, har ein likevel kunna rekonstruera ein del.

Nytt denne kvelden var at den manglande musikken til Klagt, Kinder-kantaten no er blitt nykomponert i Bachs stil av ensemblets organist Chad Kelly. Det nye fungerte berre delvis. Kellys tonesetjing var somme tider for konvensjonell, andre gonger for utkropen i stilen. Ei artig oppleving var det likevel, for Kellys freistnad synte stor innsikt i barokkens komposisjonsteknikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement