Hylande morosamtRomanen er lasta med bisarre innfall og utfall.RomanErlend O. :VestlandetAschehougVestlandet krympar. Da Sørlandet vart oppfunne for godt 100 år sidan, forsvann
Romanen er lasta med bisarre innfall og utfall.
Forfattar Erlend O. Nødtvedt tek lesaren med på ei reise i vestlandskulturen.
Foto: Elias Dahlen
Vestlandet krympar. Da Sørlandet vart oppfunne for godt 100 år sidan, forsvann agderfylka frå Vestlandet. Og no er så vel Rogaland som Møre og Romsdal i ferd med å bli skala av. Att står Hordaland og Sogn og Fjordane, og kjerneområdet i dette avskala Vestlandet strekkjer seg frå Byrknesøy i vest til Filefjell i aust, frå Norheimsund i sør til Jølstravatnet i nord.
Iallfall om vi skal tru kartet i Erlend O. Nødtvedts fabelaktige debut som romandiktar, Vestlandet. Som einaste nyetablerte fylke etter den såkalla regionreforma har altså Vestlandet fått sin første roman. Og romanen vert ståande sjølv om regionreforma skulle klappe saman før ho vert endeleg realisert.
On the road
Lærdal er romanens sentrum – og sentrum på Vestlandet. Rundt Lærdal har Den vestlandske Frigjeringsfront kjerneområdet sitt, og frå Lærdal kom Anders Lysne. Kven Lysne var? Bondeopprøraren som i front for lærdølane kjempa mot sentralmakta austpå, og som vart halshoggen i Bergen i 1803.
Hovudpersonane, forfattaren Erlend og målaren Yngve, har fått fatt i hovudskallen til Lysne i Bergen. Med hovudskallen legg dei ut på ei halsbrekkande ferd i ein sliten Toyota gjennom Vestlandet, for å bringe Lysne heim til Lærdal. Stadig kan vi ane skuggen av «austmannen» halsande etter dei to, for «austmannen» vil òg ha fatt i hovudskallen for å syne han fram på ei utstilling om norske opprørarar i Oslo. «Kulturell appropriasjon» frå Oslo-makta, altså, av ein vestlandsk opprørar.
Romanopplegget er enkelt: Ein vestlandsk roadmovie med Lærdalsmarknaden som endeleg mål, solid med drikkevarer slik sjangeren krev. Levande og døde forfattarar og kunstnarar av alle slag dukkar opp, og ein solid handfull autentiske vestlendingar som er sjenerøse mot alle med unntak av austlendingar og Oslo-makta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.